Stian Græsdal 2018 foto Ogne
FØRE FJORÅRET: Same korleis påska blir har Stian Græsdal i Strandafjellet Skisenter hatt ein betre vintersesong enn i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ber om godt vêr

Gnistrande påskesol står øverst på ønskelista til skisentra på Nordvestlandet, men for nokre er det for seint.

25.03.2021

I fjor hadde Hornindal Skisenter ein knallsesong. Der andre sleit med lite snø tidleg i sesongen var det rikeleg i Hornindal.

Konsekvensen vart den tredje beste sesongen skisenteret har hatt, sjølv om det som alle andre måtte stenge 12. mars i fjor, på grunn av smitteverntiltak, og dermed gjekk glipp av det viktige påskebesøket.

I år har det vore langt stusslegare i Hornindal, takke vere mykje dårleg vêr etter kuldeperioden i januar og starten av februar, kombinert med koronarestriksjonar.

No er planen å halde ope i palmehelga, men om det blir opna igjen frå Skjærtorsdag er uvisst, seier dagleg leiar Amund Sverre Tomasgard. Det er allereie lite snø i anlegget, og uvêr og mildevêr i starten av påskeveka kan ta knekken på det som er.

Stengt i Ørsta og Volda
I Volda er det ingen tvil, der blir det ikkje ope i påska. På Bondalseidet i Ørsta er det berre eit stort snøfall som kan berge påskeopning, men vêrmeldinga tyder ikkje på anna enn at snøen kjem ferdig moka i følgje styreleiar Gunnar Knutsen.

Harpefossen Skisenter ved Nordfjordeid skal halde ope, medan det framleis ikkje er avklart korleis det blir i Stryn Vinterski.

Både på Fjellsetra i Sykkylven og på Overøye i Stordal blir det ope i påska.

Betre enn dei to siste sesongane
Hos Strandafjellet Skisenter, storebror blant skisentra på Nordvestlandet, er det snø heilt til topps i anlegget på Fursetsida (til venstre om du kjem køyrande frå Stranda), medan det er uvisst om det blir nok snø øverste i anlegget på Roalden-sida i siste del av påska, fortel dagleg leiar Stian Græsdal.

Strandafjellet Skisenter vil uansett kva som skjer i påska få høgare driftsinntekter enn førre sesong, og ligg også an til høgare driftsinntekter enn i sesongen 2018/2019.

Men påska står gjennomsnittleg for ein tredjepart av inntektene i vintersesongen til anlegget, men treng godt vêr for å kunne klare det også i år.

Utleigehytter på Strandafjellet er fullbooka i påska, noko som indikerer at det kan bli eit godt besøk, medan koronarestriksjonane i Ålesund er med å skape uvisse om dagsbesøket, ifølgje Græsdal.

Publisert: 25.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 25.03.2021 06:31