Rimfrost krillskip innfelt stig remoy foto rimfrost marius
VIL MØTE STATSRÅDEN: Rimfrost-eigar Stig Remøy (innfelt) har bedt om eit møte med fiskeriministeren i samband med at departementet er bedt om å vurdere løyve til konkurrentane i Aker. Foto: Rimfrost/Marius Rosbach
Nytt

Ber om møte med fiskeriministeren

Rimfrost meiner departementet si vurdering av Aker-løyve kan få konsekvensar for dei.

Marius Rosbach
14.01.2025

Rimfrost har bedt om eit møte med fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss i samband med krillstriden med Aker. 

Førebels har ikkje Herøy-reiarlaget fått noko respons på den første førespurnad som blei sendt i desember. 

Måndag blei det difor purra og teke kontakt med nærings- og fiskeridepartementet på nytt. 

Vil orientere departementet
Rimfrost-eigar Stig Remøy stadfestar ønsket om eit møte med Ap-statsråden til Nett No. 

Han fortel følgjande om bakgrunnen: 

«Vi har bedt om et møte med politisk ledelse i departementet fordi vi ser at den vurderingen departementet nå foretar knyttet til utenlandsk kontroll over norske krillkonsesjoner, kan ha konsekvenser også for Rimfrost. Vi ønsker derfor å orientere departementet om vår situasjon og om våre planer fremover.»

Langvarig krillstrid
Som kjent har Rimfrost og Aker Biomarine, der Kjell Inge Røkke dominerer, i årevis vore i konkurranse og konflikt om krillfiske. 

I e-posten frå Rimfrost i desember blir det vist til konkurrenten Aker Biomarine som fiskar krill på tre konsesjonar. Dei skilde ut og selde ut ein stor del av verksemda til investorar i American Industrial Partners i fjor.

«Vi har også registrert at organisasjonen Fiskebåt har uttrykt bekymring for at transaksjonen reelt flytter eierskapet ut av Norge, og slik bryter med tidligere praktisering av deltakerlovens bestemmelser», skriv Rimfrost vidare til departementet. 

Fiskebåt ønsker meir konkurranse
Krillfiske i det røffe havområde har vore dominert av nokre få aktørar, der Aker Biomarine har vore størt. 

Administerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt fortalde til Nett No førre veke at omsynet til målet om å ha fleire norske aktørar må telje med når departementet skal vurdere dei naudsynte løyva som må til.

– Dersom der er andre interessentar som er interessert i å delta i fiskeriet, bør ein unngå ein yttelegare eigarkonsentrasjon med omsyn til dei norske fangsrettane i Antarktis, sa han.

Fiskebåt er bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten. 

Aker-selskap vil bygge om Rimfrost-skip
I førre veke sende Aker Qrill Company ut melding om at selskapet hadde kjøpt skroget som skulle bli den nye krillrålaren til konkurrenten Rimfrost. 

Dei ønsker å fiske den vesle krepsearten i Antarktis på den fjerde av krillkonsesjonane. 

Rimfrost-eigar Stig Remøy har vore klar på at han ikkje vil gi seg utan kamp, men har ikkje ønska å svare på spørsmål om kva moglegheiter han meiner selskapet har. 

Publisert: 14.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 14.01.2025 08:36

Mer om