Webjorn Barstad forto Ogne
STARTA I FJOR: Samtalane om kjøp av skroget som opphavleg skulle bli til Rimfrost-systemet sin nye krilltrålar, starta i fjor sommar/tidleg haust, fortel Aker Qrill Company-sjef Webjørn Barstad.
Nytt

Skal forlenge det tidlegare Rimfrost-skroget

Aker Qrill Company vil bli Noregs største fiskeriselskap med base i Ålesund. No treng dei fleire folk.

08.01.2025

Etter å ha kjøpt skroget som opphavleg vart bygt for å bli den nye krilltrålaren til Stig Remøys Rimfrost og ei gruppe med investorar, skal Aker Qrill Company forlenge skipet med 25 meter slik at det blir 145 meter langt.

Planen er at Tersan Shipyard i Tyrkia skal vere ferdig med jobben i tredje kvartal neste år, seier dagleg leiar Webjørn Barstad i Aker Qrill Company til Nett No.

Då skal skipet mellom anna vere utrusta med ein fabrikk av typen Aker Qrill Company har på dei tre andre krilltrålarane selskapet driv krillfiske med i Antarktis.

Oppdraget med å lever utstyr og anlegg ombord rekna Barstad vil gå til norske selskap.

Kansellert kontrakt
Nett No har fleire ganger tidligare omtalt bygginga av fartøyet som blei bestilt av Rimfrost og sjøsett i 2021. Underveis ble fartøyet som skulle bli det nye flaggskipet til Rimfrost, forsinka fleire gangar

I fjor blei det kjent at verftet var på utkik etter ein ny kjøpar, etter at avtalen med Rimfrost var kansellert. 

Aker-selskapet og Rimfrost er konkurrenter i krillfiske, og har tidligare vore gjennom ein opprivande strid om Juvel-skipet – som Aker Biomarine kjøpte i 2020. 

Treng fleire folk
Av konkurranseomsyn vil Barstad ikkje opplyse kor stor investering det er snakk om. Men han seier det er rimelegare å kjøpet skroget og bygge om, enn å bygge nytt frå start.

Skipet blir bygd for eit mannskap på om lag 60, seier Barstad. Mannskapet går på skift, fordelt på syklusar på to eller tre periodar.

– Vi må ha fleire folk, og aukar både på kontor- og sjøfolksida, seier Barstad. 

Per i dag har Aker Qrill Company omlag 400 tilsette på båtane og 65 på land.

Har eige lisens
Aker Qrill Company har i alt fire lisensar for å fiske den vesle krepsearten krill i Antarktis, og fiskar på tre av dei. 

Med krilltrålar nummer fire på plass, vil selskapet ta i bruk den fjerde i god tid før fristen for å ta den i bruk, som ifølgje Barstad går ut i 2029.

Både Rimfrost-grupperinga og Kitin Invest på Vigra har lisen for å fiske krill, men har ikkje tatt dei i bruk.

– Det er fleire norske lisensar som blei utdelt for nokre år tilbake, men dette er den einaste som er tatt i bruk i rimeleg tid, slik det ser ut for meg, seier Barstad.

Aker Qrill Company er i nærleiken av å nå to milliardar kroner i driftsinntekter, og pustar dermed Lerøy Havfisk i nakken i konkurransen om å vere største fiskebåtreiarlag mål i inntekt. Barstad har tidlegare vore toppsjef i Lerøy Havfisk og har som mål å gå forbi med Aker Qrill Company.

Utanlandske eigar
Aker Qrill Company (tidlegare Aker Biomarin Antarctic) er opphavleg fôrdivisjonen i Aker Biomarine-konsernet. 

Det vart skilt ut som eige selskap, og American Industrial Partners-fondet inn som stor aksjonær i fjor.

Barstad vil ikkje kommentere diskusjonen og uroa om det utanlandske medeigarskapet, ut over at det er organisert etter ein modell som har vore i bruk og godkjent av norske styresmakter i fleire år. 

Han peikar på at i ei tid der norske kapitaleigarar har reist til utlandet, klarer Aker Biomarine å trekkje til seg kapital frå utlandet. 

I neste omgang har dette utløyst slike investeringar som ombygging og utrustning av krilltrålarskroget, med dei arbeidsplassane som følgjer med, fortel Barstad.

Publisert: 08.01.2025 09:49

Sist oppdatert: 21.05.2025 13:20

Mer om