Berge Co til Sunnmoere
NYTT SKIFTE?: Sandven Ørsta var tidlegare Volkswagenforhandlar og kan bli det igjen. 
Nytt

Berge & Co til Sunnmøre

Volkswagen-forhandlar Berge & Co etablerer seg på Sunnmøre. Er i samtale med Sandven.

19.12.2016
Den tidlegare Volkswagen-forhandlaren Sandven Ørsta er eitt av alternativa når bilforhandlaren Berge & Co i Førde skal etablere seg på Sunnmøre.
Det stadfestar dagleg leiar Øyvind Berge i Berge & Co.
Berge & Co har arbeidd saman med importøren i fleire år for å etablere ein ny Volkswagen-forhandlar på søre Sunnmøre, etter at Autoservice i Ørsta blei kjøpt av bilforhandlar Trond Sandven i Bergen i 2013, og slutta som Volkswagenforhandlar.

Store investeringar

Store investeringar i hovudanlegget i Førde er ei av årsakene til at avgjerda om kvar etableringa på søre Sunnmøre skal skje har dratt ut i tid, i følgje Berge.
Men no er investeringane i Førde gjort og selskapet kan bruke meir tid Sunnmørs-satsinga.
Berge seier dei har fleire alternativ på handa, i tillegg til Sandven Ørsta.
- Vi er i dialog med dei og, seier Berge.

Valutatrøbbel

Trond Sandven svinga seg opp som importør av brukte bilar, og profilerte seg leverandør av relativt kostbare bruktimporterte køyrety. Selskapet etablerte butikk i Oslo og deretter Ørsta.
- Det er eit veldig kjøpesterkt område. Vi ser på heile Mørekysten, sa Sandven til NETT NO i 2013. Han vil i dag ikkje kommentere til kva som skal skje med forretninga i Ørsta.
Kursfallet for den norske krona råka bruktbilimporten ekstra hardt, og gjorde det tungt for Sandven og andre bruktbilimportørar.

I sommar skreiv Bergens Tidende at .
Unntaket er førebels forretninga i Ørsta.

Stor aktør

Med Berge & Co er rykkjer ein ny stor aktør inn i bilbransjen på Sunnmøre. Selskapet er frå før etablert i Stryn og Måløy.
Konsernet var det fjerde største og den femte mest lønsame i NETT NO si oversikt over 2015-resultata til bilforhandlarane på Nordvestlandet.

I tillegg Volkswagen sel Berge & Co også Skoda og Audi.

Publisert: 19.12.2016 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04