Kolmule
KOLMULE: Denne vesle torskefisken har fått namnet sitt fordi han er svart i munnhole og gjeller. Kolmule er av den mest talrike arten i Nord-Atlanteren, men held seg store deler av året svært djupt. Om våren kjem vaksen fisk opp langs kontinentalskråninga og bankane vest for Dei britiske øyar og ved Færøyane for å gyte. Foto: Smaragd
Nytt

Beste fiskeriet etter denne fisken på 20 år

Framleis strålande kolmulefiske, medan NVG-silda ikkje ser ut til å kome til Møre i år.

07.03.2023

Årets kolmulefiske vest av Irland er det beste på 20 år. Det har fiskarar sagt til Sildelaget, som i vekesoppdateringa viser til at båtane lastar opp på to-tre døgn og går til og frå Norge for å losse.

Sist veke vart det fiska 55.000 tonn kolmule, som i hovudsak går til oppmåling til oppdrettsfôr.

Måndag vart det meldt inn tre fangstar på totalt 5.500 tonn, og tidleg tysdag er det meldt inn to nye fangstar på totalt 4.700 tonn, inkludert Herøyfjord på 2.000 tonn.

Totalt har det deltatt rundt 30 båtar i dette fisket, eit fiske som foregår i internasjonalt farvatn vest av Irland der kolmula på denne tida kjem opp frå djupet for å gyte. Fleire av båtane er no ferdige med si fartøykvote.

Smaragd
FANGST: Fleire båtar melder om at det i år trengdest berre få hal etter kolmula for å fylle tankane om bord. Foto: Smaragd

Ingen Møre-sild
For alle som ventar på at den norsk vårgytande silda skal kome ned til bankane utanfor Møre i år, og at mykje torsk og annan fisk skal følgje etter, er det no lite som tyder på det. I fjor vart første sildefangsten tatt på Buagrunnen 28. februar, men i år opplyser Sildelaget at NVG-silda står mykje lenger nord.

Sist veke vart det innmeldt 10.400 tonn NVG-sild og der fiskeriet i hovudsak gjekk føre seg sør for Verøy/vest av Bodø og ned mot Herøy på Helgeland.

Det vert også meldt om at silda har starta å gyte, og at fiskeriet dermed går mot slutten.

Sildelaget forventar no at fleire båtar set kursen mot lodda til neste helg ettersom tre båtar denne helga tok totalt 1.030 lodde på tre fangstar nord for Havøysund.

Publisert: 07.03.2023 09:03

Sist oppdatert: 07.03.2023 09:02

Mer om