Fiskeri IKKE GJENBRUK npk
Illustrasjonsfoto: Anette Karlsen / NTB/ NPK
Nytt

Fleire unge kvinnelege fiskarar

Ingen teikn til forgubbing i bransjen.

28.02.2023
(NPK-NTB): Fiskerinæringa blir ofte framstilt som eit gubbete yrke. Men det blir det stadig fleire yngre fiskarar, og kvinnene aukar mest.

– Fiskeridirektoratets statistikk om fiskarar viser at det er attraktivt å komme inn i fiskerinæringa, noko som er veldig positivt, seier direktør Jon-Erik Henriksen ved forvaltningsdivisjonen i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Unge kvinner aukar mest
Fiskeridirektøren er strålande fornøgd med dei siste tala: Frå 2021 til 2022 har det vorte fem prosent fleire fiskarar i 30-åra og ni prosent fleire fiskarar under 20 år.

Viss kvinner under 20 år sest på isolert, aukar dei mest, og har vorte 13 prosent fleire.

– Går i rett retning
Generelt har talet på personar med fiske som hovudyrke halde seg ganske stabilt dei siste ti åra, med knapt 9.600 totalt i 2013 – og omtrent like mange i 2022.

– Det blir i offentlegheita ofte teikna eit bilete av ei næring som er prega av forgubbing. Statistikken vår om fiskarar viser tvert imot at rekrutteringa til fiskaryrket går i rett retning. Slik det verkar er arbeidsplassane på havet attraktive for både dei unge og dei eldre, noko som er eit sunnheitsteikn, seier Henriksen.

(©NPK)

Publisert: 28.02.2023 15:29

Sist oppdatert: 28.02.2023 15:54

Mer om