Nytt
Beste på fem år for leikebutikk
God lønnsemd i Nordfjordeid.
Marius Rosbach
23.03.2021
Leikebutikken Kozmos på Alti-senteret i Nordfjordeid fekk eit godt år i 2020.
Årsrekneskapen viser at selskapet i fjor fekk det beste resultatet på fem år. Driftsresultatet på 130.000 kroner, har ikkje vore høgare sidan rekordåret 2015 - då det enda ti tusen kroner høgare.
Også salsinntekta blei ny rekord. Omsetninga på drygt tre millionar kroner, er nokre få tusen kroner høgare enn i 2017.
Butikken er eigd av Laila Strand Brekke, og har vore i bransjen sidan 1992. Selskapet som formelt heiter Leike og Utstyrsloftet, sysselsette to årsverk i fjor.
Kozmos Nordfjordeid AS | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 3,06 | 2,79 |
Driftsresultat | 0,13 | 0,02 |
Res. før skatt | 0,12 | 0,01 |
Publisert: 23.03.2021 13:35
Sist oppdatert: 23.03.2021 13:35