Betre loensemd i bustadrigg enn i hotell
HOTELL: Brattvåg Hotell gjekk med eit lite overskot i 2013, men driftsselskapet reknar med eit betre år i 2014.
Nytt

Betre lønsemd i bustadrigg enn i hotell

1. juli 2012 delte Tove Vestre og Trond Arve Skjelten selskapet i ein hotelldel og ein bustadrigg for verftsarbeidarar. Bustadriggen går langt betre enn hotellet.

18.06.2014
Dette viser årsrekneskapa for dei to selskapa Brattvåg Hotell og Brattvåg Boligrigg.
Medan hotellet omsette for 8,9 millionar i 2013 og fekk eit driftsresultat på 193.000 kroner, omsette bustadriggselskapet for 13,4 millionar kroner og hadde eit driftsresultat på 1,3 millionar kroner.
Ved å skilje dei to selskapa, har driftskostnadene for hotelldrifta også gått kraftig ned; frå 17,2 millionar i 2012 til 8,7 millionar i 2013.

Avhengig av Vard

Skjelten og Vestre eig begge selskapa gjennom Brattvåg Holding, men NETT NO har ikkje lukkast å få kommentar frå dei, men i årsmeldinga vert det slått fast at hotelldrifta er i betydeleg grad avhengig aktiviteten innan dei maritime næringane i nærområdet. Selskapet forventar at denne aktiviteten vil auke framover.
Brattvåg Hotell har 37 rom etter at ei ny fløy med 17 nye rom vart bygd i 2009. Hotellet har også ei stor konferanseavdeling.
Brakkeriggen leiger ut rom i hovudsak til leigearbeidarar ved Vard-verfta i området. I tillegg til overnatting, står Brattvåg Boligrigg også for servering.

Samfjordkvartalet

Medan Brattvåg Holding står for drifta av hotellet, er det selskapet Samfjordkvartalet som står som eigar av bygningane.
Bak Samfjordkvartalet står ei rekkje aktørar. Største eigarar er Brødrene Dyrøy (21,07 %), Lag Invest (15,31 %) og H. I. Giørtz og Sønner (12,63 %).

Publisert: 18.06.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33