Herøy-baserte Olympic Subsea har ni av elleve skip i drift. Flåten segla inn 131,0 millionar kroner i første kvartal, opp frå 96,8 millionar kroner i første kvartal i fjor.
Driftsresultatet vart positivt med 6,7 millionar kroner, men store finanspostar gav eit resultat før skatt på minus 27,3 millionar kroner. I same kvartal i fjor var resultatet før skatt på minus 52,7 millionar kroner.
Etter balansedagen har også selskapet inngått ein seksmånaderskontrakt, pluss opsjonar, for Olympic Orion. Kontrakten er med Adwen GmbH, dotterselskap til Siemens Gamesa.
Olympic er også tildelt kontrakt for skipet Olympic Triton for ein fast periode på 12 månader, pluss opsjonar, for oppdrag utanfor Vest-Afrika for eit internasjonalt oljeselskap.
Selskapet har ei langsiktig gjeld på tre milliardar kroner.
Bokført eigenkapital er på 306 millionar kroner, og eigenkapitalandelen er på 9 prosent.
Stig Remøy er hovedaksjonær gjennom SSR Invest med 69,31 prosent av aksjane.
I.P Huse-systemet eig 12,5 prosent gjennom selskapet Seriana, medan Bjørn Kvalsund eig 11,25 prosent gjennom Omega Maritime.
Marin Teknikk-eigarane esit på 6,25 prosent gjennom Marin Group, medan H. Remøy Invest har 0,69 prosent av aksjane.
Driftsresultatet vart positivt med 6,7 millionar kroner, men store finanspostar gav eit resultat før skatt på minus 27,3 millionar kroner. I same kvartal i fjor var resultatet før skatt på minus 52,7 millionar kroner.
Nye kontraktar
Reiar Stig Remøy opplyser at høgare aktivitet gir høgare rater, og han ser lyst på vår- og sommarsesongen.Etter balansedagen har også selskapet inngått ein seksmånaderskontrakt, pluss opsjonar, for Olympic Orion. Kontrakten er med Adwen GmbH, dotterselskap til Siemens Gamesa.
Olympic er også tildelt kontrakt for skipet Olympic Triton for ein fast periode på 12 månader, pluss opsjonar, for oppdrag utanfor Vest-Afrika for eit internasjonalt oljeselskap.
Mest frå fornybart
Olympic Subsea har satsa stort på fornybarfeltet, spesielt offshore vind, og har no større inntekter frå dette feltet enn frå olje og gass.Selskapet har ei langsiktig gjeld på tre milliardar kroner.
Bokført eigenkapital er på 306 millionar kroner, og eigenkapitalandelen er på 9 prosent.
Stig Remøy er hovedaksjonær gjennom SSR Invest med 69,31 prosent av aksjane.
I.P Huse-systemet eig 12,5 prosent gjennom selskapet Seriana, medan Bjørn Kvalsund eig 11,25 prosent gjennom Omega Maritime.
Marin Teknikk-eigarane esit på 6,25 prosent gjennom Marin Group, medan H. Remøy Invest har 0,69 prosent av aksjane.
Publisert: 31.05.2019 10:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35