Her er den nye Vard leiinga
LEIARTRIO: Leiinga i verftkonsernet Vard består av Attilio Dapelo (t.v.) som leier cruiseskipavdelinga, Alberto Maestrini er konsernsjef og Fredrik Mordal Hessen er leiar for offshore- og spesialskip.
Nytt

Betring for Vard-verksemd

Nesten dobla driftsinntekter i første kvartal for forretningsområdet offshore og spesialskip hos Fincantieri.

05.05.2022

Då Vard-eigar Fincantieri organiserte drifta i Vard i to forretningsområdet var bygging av alt frå fiskebåtar, offshorefartøy til vindkraft- og oljeindustrien og marinefartøy samla i forretningsområdet offshore og spesialskip.

Forretningsområdet er reindyrka Vard-verksemd, til skilnad for bygging av cruiseskip hos Vard, som er ein del av forretningsområdet skipsbygging. Forretningsområdet skipsbygging omfattar både Vard-verft og Fincantieri-verft.

Forretningsområdet offshore og spesialskip nesten dobla driftsinntektene frå 1. kvartal 2021 til 1. kvartal 2022 (sjå tabell).

Lønsemda i forretningsområdet har betre seg gradvis. Driftsresultatet før av- og nedskrivingar enda i pluss i fjor, og betra seg også i 1. kvartal i år.

Les Fincantieri-pressemeldinga om 1. kvartalsresultatet her

Italienske Fincantieri er ein av de største cruiseskipsbyggarane i verda og bygger også marinefartøy. Under Fincantieri-paraplyen ligg også Vard, med hovedkontor i Ålesund og verft i Søvika, Brattvåg, Tomrefjord, Brasil, Romania og Vietnam.

Fincantieri-konsernet

1. kvartal. I mill. Euro

20222021
Driftsinntekt16841648
Driftres. før av- og nedskriving118101
Forretningsområde skipsbygging
1. kvartal. I mill. Euro20222021
Driftsinntekt13331477
Driftsres. før av- og nedskriving11098
Forretningsområde offshore og spesialskip
1. kvartal. I mill. Euro20222021

Driftsinntekt

18191
Driftsres. før av- og nedskriving61

Publisert: 05.05.2022 22:36

Sist oppdatert: 06.05.2022 11:22

Mer om