Maestrini Alberto 1 V Ard Fincantieri foto Vard
SATSAR: Omlegging til å bygge mindre cruiseskip etter at offshoreboomen tok slutt har kosta for Vard, men eigaren - det italienske verftskonsernet Fincantieri - vil fortsette å invester i Noreg. - Vi har kome over vanskane, seier konsernsjef Alberto Maestrini i Vard. Foto: Vard
Nytt

Vard-sjefen: - Vi ønskjer å fortsette å investere

Vard-eigar Fincantieri har allereie investert milliardar i skipsbygging på Nordvestlandet og vil investere vidare.

07.12.2021

Teknologi og kompetanse er svaret på korleis Vard skal lukkast med å overleve, seier konsernsjef Alberto Maestrini i Vard til avisa Bygdebladet.

Vard har verft i Tomrefjord, Brattvåg og Søvika og hovudkontor og designavdeling i Ålesund.

- Eg meiner skipsbygging i Noreg vil overleve om vi klarer overgangen til aktivitetar som krev høg kompetanse. Det klarer ein ved å hente inn og investere tungt i ny teknologi. Vi har gradvis mista arbeid som krev lågare kompetanse, og vi vil erstatte dette med ny teknologifokusert kompetanse. Eg seier ikkje på nokon måte at jobben er gjort, men vi ønskjer å fortsette å investere, seier konsernsjef Alberto Maestrini i Vard til avisa.

Cruisesatsinga har vore vanskeleg for Vard vedgår han, men no er han optimist.

- Vi har kome over vanskane, men vi har tatt tap. Og no er Vard styrkja, ved at selskapet i tillegg kjernekompetansen innan offshore også no har cruise. Det lovar bra framtida, seier Maestrini til Bygdebladet.

Milliardinvestering
Fincantieri baud i november 2016 på alle aksjane i Vard, etter å ha vore majoritetseigar i Vard sidan 2013. Målet var å ta Vard av børs og gjere Vard til ein datterkonsern i Fincantieri. To år tok det før målet var nådd etter at Fincantieri plukka aksjar jamt og trutt til ein kurs som verdsette Vard til 1,7 milliardar kroner.

Etterpå har Fincantieri ytt store lån til Vard.

I fjor vart lånet auke med på 1,13 milliardar kroner - til 5,15 milliardar kroner.

Til saman har Fincantieri investert over ni milliardar kroner i Vard, ifølgje Maestrini.

- Vi reknar med at denne investeringa vil vise seg å vere vellukka. Vi er ein stor industriell investor og vi investerer langsiktig. Vårt mål er å sikre at verksemda er berekraftig, også på lang sikt, seier han til Bygdebladet.

Grøn satsing
Finantieri har sett saman ei klynge av norske og italienske selskap i konsernet som saman skal arbeide med Fincantieri si utvikling for å oppfylle strengare miljøkrav. Dei skal arbeide med melldom anna brenselceller, batteri og hydrogenmotorar.

Maestrini åtvarar om at ein omlegging til meir miljøvennleg skipsfart vil koste og frårår ei rask omlegging som gjer at tusenvis av arbeidsplassar forsvinn. Samstundes trur han den grøne satsinga vil gi mange nye jobbar.

- For Fincantieri er Vard ein viktig pillar i det grøne skiftet. Vi har ei brei kompetanse som kan utnyttast på ulike området og vi er viljuge til å investere, seier Maestrini til Bygdebladet.

Publisert: 07.12.2021 08:43

Sist oppdatert: 07.12.2021 10:31

Mer om