Koronaboom i byggvarehandelen
VEKSTEN HELD FRAM: MEIR Å GJERE: Dagleg leiar Rune Koppen og dei andre i Koppen Industrier har fått meir å gjere som følgje av koronapandemien. Veksten held fram i 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bikkar 100 millionar i år

Det er full fart i byggevarehandelen og Koppen Industrier kan notere seg for ny solid vekst etter første halvår.

Marius Rosbach
05.08.2021

Etter første halvår har byggevareselskapet i Volda auka omsetninga med 50 prosent på kring to og eit halvt år. Frå 2018 til 2020 auka inntektene frå 74 til 92 millionar.

I årsrapporten for fjoråret opplyser leiinga at omsetninga har auka med nye 26 prosent første halvår i 2021.

– Utsiktene for det komande året ser bra ut, er konklusjonen i årsrapporten.

Også resultatet for fjoråret blei betre enn dei siste åra, med eit resultat før skatt på 6,2 millionar for konsernet (sjå tabell under).

Koppen Industrier (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 91,8 81,6
Driftsresultat 7,2 5,4
Res. før skatt 6,2 4,2


Suksess med gratis teikning og konsulenthjelp

Byggebransjen har vore mellom vinnarane i pandemitida, og NETT NO har tidlegare omtala koronaboom-en som mellom anna Koppen har merka godt.

Koppen har satsa på å tilby gratis teikning og konsulentteneste, som har vist seg å vere ei rett grep. Difor vurderer dei å tilsette ein ny byggingeniør for å styrke satsinga vidare, ifølgje årsrapporten.

Dagleg leiar Rune Koppen eig byggevareselskapet som har 21 årsverk i arbeid. Eigenkapitalendelen i konsernet, er på drygt 36 prosent.

I gong med bustadprosjekt
I fjor omtala NETT NO bustadsatsinga på dotterselskapet Fjordbygg. Det er ei verksemd som familieselskapet har mykje erfaring med frå før.

No skal dei utvikle 33 leilegheiter i Volda. Grunna pandemien blei arbeidet sett på vent i fjor, men arbeidet med dei første 15 bustadene starta no i vår.

Publisert: 05.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 04.08.2021 23:21

Mer om