Erna Solberg foto Heiko Junge NTB
KRITISERER OPPOSISJONEN: Statsminister Erna Solberg (H) i den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag. Ho kritiserer opposisjonspartia for å ville kutte ferjeprisane utan å forklare korleis det skal finansierast. Foto: Heiko Junge / NTB
Nytt

– Billeg politisk sak

Erna Solberg langar ut mot ferjekaos i Stortinget.

NPK
17.02.2021

NPK-NTB: Statsminister Erna Solberg (H) reagerer kraftig på overbodspolitikk frå opposisjonen i diskusjonane om ferjepris.

– Det er ei litt billeg politisk sak, seier Solberg til NTB.

Ho reagerer kraftig på korleis opposisjonen no diskuterer ei halvering av ferjeprisane, utan å forklare kvar pengane skal hentast frå.

Prioriterer ferjer før sjukehus
– Det betyr at ein no skal prioritere dette politisk føre sjukehus, bygging av meir veg og jernbanesatsing, seier Solberg.

Ho meiner diskusjonen høyrer heime i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett, der kutt i ferjeprisane kan vegast mot andre satsingar.

– Men det er vel sånn politikken er akkurat no. Ein konkurrerer så hardt at valløfte for neste fireårsperiode skal gjennomførast i februar i år, seier statsministeren.

(saka held fram under)

Lars j hagseth henrik dalelid vedde joachim orvik foto ferjeaksjonen møre og romsdal 222
STIFTA FERJEORGANISASJON: Lars J. Hagseth (f.v.), Henrik Dalelid Vedde og Joachim Orvik har starta Ferjeaksjonen Møre og Romsdal. Foto: Arnt Sommerlund/Ferjeaksjonen Møre og Romsdal

Fleire vil kutte ferjeprisane
Bakteppet er at Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet no alle har teke til orde for minst å halvere ferjeprisane. Men dei tre partia har fremja kvar sine forslag til korleis dette skal skje, og onsdag var det framleis heilt i det blå om nokon av forslaga ville få fleirtal.

Solberg er uansett klar på kva ho vil gjere viss eitt av forslaga får fleirtal:

– Då blir prisane halverte. Det er opp til fleirtalet i Stortinget å bestemme det.

Publisert: 17.02.2021 12:45

Sist oppdatert: 18.02.2021 15:10