Lars j hagseth henrik dalelid vedde joachim orvik foto ferjeaksjonen møre og romsdal 222
STIFTA FERJEORGANISASJON: Lars J. Hagseth (f.v.), Henrik Dalelid Vedde og Joachim Orvik er mellom dei som frontar Ferjeaksjonen Møre og Romsdal. Foto: Arnt Sommerlund/Ferjeaksjonen Møre og Romsdal
Nytt

– Skal jobbe meir målretta

Finansiering frå næringslivet har vore avgjerande for at ferjeopprøret på Møre og Romsdal no tek steget over til å bli ein interesseorganisasjon.

Marius Rosbach
16.02.2021

(NETT.NO-NPK): Det som starta som Facebookgruppa «Protest mot auka ferjetakstar i Møre og Romsdal», går no saman i interesseorganisasjonen Ferjeaksjonen Møre og Romsdal.

– Vi skal jobbe meir målretta og systematisk. Hensikta er å skape eit større handlingsrom og få med eit større team til å utføre arbeidet, fortel Joachim Orvik til NETT NO.

Han er ein av initiativtakarane bak ferjeopprøret som starta hausten 2019. No får han med Arnt Sommerlund, Lars J. Hagseth og Arnfinn Ingjerd i eit interimstyre som skal jobbe for «lågare ferjetakstar og gode ferjeløysingar på kysten», som det heiter i formålet.

Finansiering frå næringslivet
Orvik fortel at organisasjonen blei stifta allereie i desember i frustrasjon over kor lite som har skjedd i saka det siste året. Det var før ferjeprisane igjen blei sett på dagsorden via forslag frå fleire parti om å kutte takstane.

– No skal vi følgje den handlingsplanen vi har lagt vidare, med å påverke fram mot revidert statsbudsjett og stortingsvalet, seier han.

Henrik Dalelid Vedde – tidlegare leiar i Haram Nærings- og Innovasjonsforum – skal vere dagleg leiar i Ferjeaksjonen Møre og Romsdal. Han fortel at økonomisk støtte frå næringslivet har vore avgjerande for at dei tek steget over til å bli ein interesseorganisasjon.

– No har vi fått det du kan kalle ei oppstartsfinansiering, og den har base frå næringslivet. Vi jobbar også med anna finansiering som vi håpar skal gå i orden, i tillegg til at det vil vere medlemskontingent, fortel Vedde til NETT NO.

(saka held fram under)

Per vidar kjølmoen ferje foto møre og romsdal arbeidarparti 11
FLEIRE VIL KUTTE PRISANE: Ap-listetopp Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal er mellom dei som har kjempa for lågare ferjepriser. Denne veka kom også Frp på banen med eit forslag om å halvere prisen med ein gong. Foto: Møre og Romsdal Ap

Stiller fem krav
Interesseorganisasjonen har eit mål om at regjeringa bidreg til å sette ned prisane på ferjene seinast i statsbudsjettet neste år.

Ferjeorganisasjonen har også følgjande fem krav til politikarane:

  • Ferjestrekningar må bli anerkjende som ein del av vegnettet.
  • Alle politiske parti må sette ferjesaka på dagsordenen til stortingsvalet 2021, og at det inneber ei ferjereform.
  • Ferjetakstane må halverast over heile landet.
  • Ferjestrekningar bør bli gratis der lokalsamfunn er trua av fråflytting og arbeidsløyse.
  • Autopass-ordninga må forbetrast slik at forskotsbetalinga for rabattkort i første omgang blir halvert.

Dei meiner vidare at det må gjerast ein gjennomgang av korleis ferjene her til lands blir finansiert og samanhengen med det grøne skiftet.

Fleire parti vil kutte prisane
Nyleg har både Ap og Frp vore ute med forslag om å sette ned ferjeprisane. Samferdselspolitisk talsmann Bård Hoksrud i Frp karakteriserer ferjebillettar som evige bompengar til Nynorsk pressekontor tysdag

– Mange stadar er ferjeutgiftene ei stor utgift både for folk og næringsliv. Mange slit på grunn av pandemien og vi ønskjer framleis at folk i distrikta skal kunne reise – difor er dette eit veldig bra og målretta tiltak som vil ha stor betydning for mange som bur der ein er avhengig av å bruke ferje for å flytte seg, seier Hoksrud.

Sp-leiar Partileiar Trygve Slagsvold Vedum seier til VG tysdag at partiet vil foreslå at ferje og hurtigbåt blir gratis på stader utan veg til fastlandet og vil vurdere det same for ferjesamband med under 100.000 passasjerar årleg.

– Ferjefylka er sveltefôra
I ein kronikk i Stavanger Aftenblad skriv Ove Trellevik frå Høgre at Ap sjølv bør ta mykje av ansvaret for ferjeprisane fordi dei sit med makta i ei rekke ferjefylke og -kommunar.

Det vil ikkje transportpolitisk talsperson Sverre Myrli i Ap vere med på.

– Fylkeskommunane generelt, og ferjefylka spesielt, er sveltefôra av denne regjeringa. Dei har ikkje økonomi til å gjere dette på eiga hand. Derfor må staten finansiere det, seier han til NPK.

Han viser til at ferjetakstane har auka kraftig også på riksvegferjene.

– Der kan ikkje Høgre skulde på fylkeskommunane. Eitt eksempel er riksvegferjesambandet på E6 over Tysfjorden. I 2013 kosta overfart med bil og førar 95 kroner. I 2020 kosta det 190 kroner, altså ei dobling. Kvifor Høgre har vore med på dette er ikkje til å forstå. Uansett, desse høge prisane må det bli slutt på, seier Myrli.

Tre milliardar årleg
Samferdsledepartementet har rekna ut at gratis ferjer vil koste om lag 3 milliardar årleg. Hoksrud meiner det bør vere ei enkel sak å oppdrive desse midlane utan å kutte i andre tilbod.

– Desse midlane bør det vere enkelt å finne innanfor samferdselssektoren utan å kutte på noko anna, seier han og trekker fram at Frp meiner det er pengar å spare på å konkurranseutsette bygging av norsk jernbane.

– Eitt nytt konkurrerande selskap til Bane Nor for å bygge ut jernbana kunne kutta kostnader der med 20 prosent. Det ville aleine spart samfunnet for 3 milliardar kroner, seier Hoksrud.

Forslaget til Frp om ei umiddelbar halvering av ferjetakstane, skal truleg opp til behandling i Stortinget fredag.

Publisert: 16.02.2021 16:14

Sist oppdatert: 18.02.2021 13:02

Mer om