Biogass emisjon for Remmereit
BIOGASS: I løpet av våren vonar Jan Remmereit (til høgre) og Harald Nordal i Hyperthermics Energy å ha fått med seg partnarar i biogass-satsinga si. Målet er å bygge ein reaktor som skal doble utbyttet frå tradisjonelle biogassanlegg
Nytt

Biogass-emisjon for Remmereit

Jan Remmereit bygde Natural opp til å bli eit børseventyr. No er han på jakt etter investorar som vil satse på biogass saman med han.

19.03.2014

Målet er å få med seg investorar som vil satse 15 millionar kroner på ei pilotanlegg for biogass-utvinning. Går alt etter planen vil finansieringa vere på plass til sommaren, og pilotanlegget vere i drift i løpet av 2014.

Er pilotanlegget ein suksess har Remmereit og hans folk lukkast i å utvikle ein teknologi som gjer biogassanlegg både betre og billegare enn i dag.

Biogass-satsinga skjer gjennom selskapet Hyperthermics Energy i Hovdebygda i Ørsta, eitt av fleire bioteknologiselskap Remmereit har etablert etter at han selde aksjane sine i Natural til Kjell Inge Røkkes Aker i 2006.

I Hyperthermics Energy har Remmereit fått med seg Grimstad-selskapet Høst AS som partnar. Høst er spesialist på å nytte avfall til organisk gjødsel.

Erik Norgaard er dagleg leiar i Hyperthermics Energy og Harald Nordal arbeidande styreleiar.

Paraplyselskap

Remmereits nye selskap er plassert under Life Capitol-paraplyen. Life Capitol er eit dotterselskap av Remmereits heileigde Greyston Holding, og skal fungere som ei rugekasse for nye selskap og idear.

Neste selskap som kan bli flygedyktig er Hyperthermics Energy. Selskapet er i kontakt med investorar, og har sikra seg tilskot frå Innovasjon Norge.

Nordal seier vilkåra for å reise kapital til slike selskap har blitt tøffare dei siste åra.

Mellom anna er det negativt for den lokale tilgangen til risikokapital at og at Midtvest-fonda rettar innvesteringane sine mot små og mellomstore bedrifter, meiner han.

Dermed blir det krevjande å få ei eit samspel med privat risikokapital retta mot såkalla tidlegfasebedrifter - bedrifter som er i ein tidleg fase med å gjere ein ny ide om til forretning.

- Å reise kapital til tidlegfase-selskap er blitt mykje vansklegare, men vi har eit svært godt prosjekt og reknar med at vi skal få det til også denne gangen, seier Nordal.

Større fart

Ei biogass-anlegg vinn ut metangass frå nedbryting av biologisk materiale, til dømes kloakk, gjødsel, tang- og tare, mat- og hageavfall. Metan kan til dømes brukast som drivstoff i bussar.

Hypertermics sin ide er å byggje ein liten "høgtemperatur-reaktor" saman med eit eksisterande biogass-anlegg.

Ved å køyre avfallet - i flytande form - gjennom reaktoren, skal Hyperthermics sette fart på nedbrytingsprosessen. Høg temperatur, og bakteriar og arkeer (ein slektning av bakteriar) som er tilpassa temperaturar over 70 grader, skal sørge for at jobben blir gjort.

- Du kan halvere tida og doble utbyttet, seier Nordal.

Det betyr dobbel gevinst, fordi eit raskare anlegg ikkje treng å vere like stort og kostbart som eit tradisjonelt biogass-anlegg må vere i dag. Varmebehandlinga gjer også at sluttproduktet er fritt for skadlege organismar.

Tre kandidatar

Hyperthermics skal teste ut teknologien sin ved eit biogass-anlegg på Austlandet, men vil ikkje gå ut med namnet før forhandlingane er ferdig.

Det er i skjæringspunktet mellom tradisjonelle avfallshandteringselskap og energiprodusentar Nordal trur det først er størst interesse for teknologien frå Hyperthermics. Han seier selskapet og har hatt samtalar med internasjonale aktørar. Avfall, som før var eit problem å bli kvitt, er no blitt ein ettertrakta ressurs for selskap som produserer energi.

- I Noreg ligg det godt til rette for å gjere den første installasjonen, men marknaden er klart størst internasjonalt, seier Nordal.

Du kan halvere tida og doble utbyttet

Publisert: 19.03.2014 10:59

Sist oppdatert: 18.05.2021 09:06