Kjetil Nesset Vik Ørsta foto Ogne
REAGERER: Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset meiner norske produsentar blir utkonkurrert i offentlege innkjøp av leverandørar utanfor EØS-området. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Meiner norske styresmakter opptrer umoralsk

Vik Ørsta-sjefen fortvilar over offentlege innkjøp.

06.01.2025

Samtidig som norske produsentar blir råka hardt av Russland-sanksjonar, nyttar norske styresmakter leverandørar frå land som Tyrkia eller Kina som ikkje har innført sanksjonar.

Det fortel Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset til Møre-Nytt.

Bedrifta har dei siste åra vore nøydd til å handtere auka kostnader og spesielt knytt til innkjøp av stål, grunna sanksjonane mot Russland. 

– Det umoralske her er at norske offentlege myndigheiter, stat, fylke og kommune kjøper stålprodukt frå land som ikkje sanksjonerer for eksempel Kina, seier han. 

Nesset meiner det både undergrev verdiskapinga i norsk næringsliv og effekten av sanksjonane.

Publisert: 06.01.2025 20:13

Sist oppdatert: 06.01.2025 20:13

Mer om