ALFRED BJØRLO FOTO OGNE
RASERING: Dagens regjering raserer rammevilkåra for lokalt eigarskap, meiner stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V). Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bjørlo-støtte til Flakk og Hofseth

- Vi er inne i ei lagnadstid for å ta vare på langsiktig norsk eigarskap og lokal verdiskaping på Vestlandet, seier Venstre-politikaren.

28.02.2023

stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) lovar full støtte til aksjonen Knut Flakk og Roger Hofseth har sett i gang for å bli kvitt formuesskatten på såkalla arbeidande kapital.

- Eg og Venstre helsar velkomen kampanjen Knut Flakk og Roger Hofseth drar i gang for å sikre norsk eigarskap i næringslivet, og at dei slår alarm om korleis rammevilkåra for lokalt eigarskap no blir rasert av Ap/Sp-regjeringa i kompaniskap med SV. Eg og Venstre stiller gjerne opp på alle initiativ Flakk og Hofseth tar i tida framover for å løfte desse viktige problemstillingane, og få bukt med dei stadige skatteaukene på det lokalt eigde næringslivet. No er vi inne i ei lagnadstid for å ta vare på langsiktig norsk eigarskap og lokal verdiskaping på Vestlandet, seier Bjørlo i ei pressemelding.

Flakk og Hofseth har invitert til kickstart ved Atlanterhavsparken 20. mars, med mål om at initiativet skal spreie seg til resten av landet.

Trugar samfunnmodellen
Bjørlo er stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane og Venstre sitt medlem i Næringskomiteen.

Han meiner regjeringa sin politikk er eit trugsmål mot samfunnsmodellen kystsamfunna på Vestlandet er bygd på.

- Vi har no fått den mest kyst- og Vestlands-fiendtlege regjeringa i manns minne. Summen av skatteskjerpingar som råkar norske, lokaleigde bedrifter generelt og store Vestlands-næringar som havbruk og fornybar energi spesielt, trugar heile samfunnsmodellen som kyst-Noreg er bygd opp rundt. Kjernen i utviklinga på Vestlandet er nettopp lokal kapital og lokalt eigarskap til ressursane som drivarar for samfunnsutvikling, seier Bjørlo.

Snevert Oslo-miljø
Han kritiserer også regjeringa for dårleg handverk og for å hente råd frå eit snevert Oslo-miljø.

– Prosessen rundt regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk har vore ei skandale frå A til Å, som vitnar om manglande respekt for Noregs nest største eksportnæring. Og dette held fram: Nylig sette Finansminister Vedum ned eit statleg utval som skal sjå på framtidas lønnsdanning i Noreg (frontfagmodellen). Her sit det 15 ekspertar frå det sentrale Oslo-miljøet, 1 person frå Trondheim og ingen frå resten av landet. Så får distrikts-Noreg i staden kasta ut «billig åte» som pengar til å splitte opp kommunar og opprette fleire små lensmannskontor, seier Bjørlo i pressemeldinga.

Publisert: 28.02.2023 10:06

Sist oppdatert: 28.02.2023 10:22