Roger Hofseth skjermfoto film 11
VIL FLYTTE: Roger Hofseth kjem frå Vanylven, men er i dag busett i Ålesund kommune. No vil han flytte til Sande, fortel han til NETT NO. Skjermfoto: Film om lakseskatten
Nytt

Hofseth vil flytte til Sande

Reknar med å spare bedrifta for store summar. Sande-ordføraren har allereie merka auka skatteinngang.

Marius Rosbach
27.02.2023

Roger Hofseth planlegg å flytte frå Ålesund til Sande kommune frå årsskiftet. Det kom fram då NETT NO var invitert for å høyre om aksjonen for norsk eigarskap i næringslivet, som Hofseth har teke initiativ til, saman med Knut Flakk.

– Det betyr ein plass mellom 22 og 25 millionar i sparte kostnader for Hofseth International årleg, fortel Hofseth.

Bakgrunnen er at sunnmørskommunen har sett ned formuesskatten, slik Bø kommune i Vesterålen har gjort tidlegare. Håpet er at grepet skal føre til fleire velståande innbyggjarar, og auka skatteinntekt samla sett.

Sølvtrans-eigar Roger Halsebakk er mellom dei som tidlegare har fortalt at han vil flytte frå Ålesund til Sande kommune.

Startar aksjon for å kutte formuesskatten
Hofseth fortalde om flytteplanane i samband med aksjonen for norsk eigarskap, som han og Knut Flakk har teke initiativ til.

Målet som duoen håpar skal bli ein landsdekkande aksjon, er å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital ved å påverke politikarane og folk flest.

Flakk fortel er at det ikkje er aktuelt for han å flytte til Sande.

– Eg meiner løysinga ikkje ligg der, seier han – men Flakk legg til at han forstår Hofseth sitt val for å redusere skattetrykket på kort sikt.

Roger Hofseth aksjon for norsk eierskap foto Marius Rosbach 11
STARTAR AKSJON: Roger Hofseth på hovudkontoret til Hofseth International i Ålesund med Knut Flakk med digitalt på Teams, fortalde måndag om aksjonen dei startar for å kutte formuesskatten. Foto: Marius Rosbach

Fekk auka skatteinntekter i januar
Sande har førebels sett ned formuesskatten til fem promille, i staden for den vanlege satsen på sju. Neste år vil den vere på to promille. Sande-ordførar Olav Myklebust fortel at endringa allereie ser ut til å ha effekt.

– Då vi fekk skatteinngangen for januar, så hadde vi gått frå å vere godt under landssnittet, til å vere godt over. Med andre ord fekk vi meir skatt, enn vi gjorde i snitt i fjor, seier ordføraren til NETT NO.

Sjølv har han ikkje oversikt over kor mange som har flytta, men han har fått med seg at Roger Halsebakk og Fine Fish-eigar Gjermund Bringsvor med ektefelle har meldt om flytteplanar offentleg.

Ikkje aktuelt å flytte til Sveits
Ei rekke formuande forretningsfolk har gått lengre, og flytta til Sveits for å senke skattetrykket.

Verken Flakk eller Hofseth ønsker å gå til eit slikt skritt.

– Vi ønsker verkeleg ikkje å flytte ut landet, men slik det er no blir mange tvinga til det, seier Flakk.

Han påpeiker at utflytting ikkje berre omfattar kapitalen. Også merksemda flytter seg, og dermed vilja til å investere i lokalsamfunna heime blir mindre.

– Trur fornufta sigrar til slutt

I staden for å flytte ut, har sunnmørsduoen bestemt seg for å gjere ein innsats for å endre systemet. Dei har trua på at informasjon kan endre oppfatning blant både folk flest – og politikarane.

Resultata av ei undersøking kring sokalla arbeidande kapital, gir håp.

Undersøkinga viste at 44 prosent i utgangspunktet var positive til å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital i utgangspunktet. Etter at dei vart informert om korleis skatt på arbeidande kapital fungerer, sa heile 63 prosent ja til ei slik endring.

– Eg trur fornufta sigrar til slutt, seier Hofseth.

Publisert: 27.02.2023 15:02

Sist oppdatert: 27.02.2023 15:52

Mer om