Måndag var det tid for forklaringar frå den tidlegare leiinga på Kleven-verftet i søksmålet mot den tidlegare eigaren.
Dagen blei innleia med forklaring frå tidlegare finansdirektør Ola Beinnes Fosse. Han kunne fortelje at verftsleiinga samarbeida bra med Div Group i prosessen då det kroatiske konsernet kom inn som eigarar.
– Det var eit veldig godt forhold i starten, fortalde Beinnes Fosse til retten.
Fekk søksmål mot seg
Etter kvart blei forholdet meir anstrengt, før det til slutt skar seg fullstendig mellom verftsleiinga og den saksøkte eigaren, Tomislav Debeljak. Både Beinnes Fosse og verftsdirektør Kjetil Bollestad, sa opp før bankane sa opp avtalene sine og verftselskapa gjekk konkurs.
Under forklaringa måndag kom det mellom anna fram at Div Group for kring halvanna år sidan ville gå til søksmål mot den tidlegare finansdirektøren.
– Det var selvfølgelig ikkje noko gøy situasjon å stå i, fortalde Beinnes Fosse.
Søksmålet blei avvist av forliksrådet, og han høyrde aldri noko meir om saka. Debeljak har også fleire gonger tidlegare truga med søksmål og rettslege skritt etter konkursane.

Debeljak var misnøgd med valutaavtale
Bakgrunnen for søksmålet skal ha vore ein avtale Beinnes Fosse gjorde om valutasikring kring eit viktig byggeprosjekt verftet skulle jobbe med.
– For oss var dette ein kjempetransaksjon, og eg hadde aldri tent så mykje pengar så fort, fortalde den tidlegare finansdirektøren.
Bakgrunnen var at verftet trengte betaling i norske kroner. Beinnes Fosse fortalte at han fekk overtydd bankane om at verftet skulle sleppe risikoen, men likevel ville få ei eventuell «oppside» på 15 millionar.
For oss var dette ein kjempetransaksjon, og eg hadde aldri tent så mykje pengar så fort
Debeljak var derimot svært misnøgd og ville ha betalt i dollar. Slik Beinnes Fosse oppfatta det, forstod ikkje kroaten reknestykket – og etterpå vart dialogen dårlegare.
– Vi følte at det ikkje blei forstått, så blei det ein «mistrust». Det var overhovudet ikkje vår intensjon, la Beinnes Fosse til.
– Vi var veldig pro Div
Advokatane til dei saksøkte stilte i sitt innleiingsforedrag spørsmål med kven verftsleiinga jobba for i samband med interne e-postar som blei sendt vidare til bankane.
Advokat Karl Rosén kom måndag inn kva rolle Beinnes Fosse hadde i prosessen. Den tidlegare finansdirektøren fortalde at det overhovudet ikkje var nokon grunn til å stille spørsmål ved deira lojalitet til den nye eigaren.
– Om det blir forsøkt framstilt som at vi jobba for nokon andre, så stemmer ikkje det. Vi var veldig pro Div (Group, journ. anm.), la Beinnes Fosse til.
Årsaka til at han sa opp jobben som finansdirektør, var at han ikkje lenger opplevde å ha styring over økonomien ved verftet.
– Eg hadde ikkje lenger kontroll, og hadde mista funksjonen som finansdirektør. Det ville eg ikkje vere ein del av, la Beinnes Fosse til.
NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.
Publisert: 20.01.2025 10:45
Sist oppdatert: 20.01.2025 11:22