Bjørn Åge Hamre tingretten foto marius
KLAR FOR LAGMANNSRETTEN: Bustyrar Bjørn Åge Hamre anka tingretten si frifinning av den tidlegare verftseigaren Tomislav Debeljak (t.v. bak). Måndag startar ankesaka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Møtes på nytt om Kleven-konkursane

Slik er planen for ankesaka i søksmålet mot tidlegare verftseigar.

Marius Rosbach
13.01.2025

Måndag er det klart for ei ny runde i søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven-verftet. 

Konkursbuet har skifta advokatar sidan sist – men kravet er det same: 136 millionar kroner i erstatning for tapa Kleven-selskapa opplevde grunna konkursane.

Dei saksøkte, forretningsmannen Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg, krev frifinning.

Det er sett av 11 dagar til saka i Gulating lagmannsrett i Bergen. 

I tingretten blei kroaten frifunnen og dommen gjekk langt i å legge skulda for konkursane på bankane. 

Før ankesaka har dei saksøkte vore sterkt kritiske til konkursbuet sitt arbeid med søksmålet.

I sitt sluttinnlegg vier dei motparten sin strategi eit eige punkt, og viste til at konsekvensane av ein fellande dom vil vere «katastrofale» for den kroatiske forretningsmannen. 

Advokatane skriv at buet sin «lettvinte og uforsvarlig minimalistiske tilnærming» til saksførebuingane, har ført til at Debeljak og Tryg til sjølv måtte legge ned eit stort arbeid for å belyse saka. 

Bustyrar Bjørn Åge Hamre ville ikkje gå svare på skuldingane før saka starta, men sa til Nett No at dei var grunnlause. 

Ifølgje den førebelse tidsplanen startar saksøkjarane sine advokatar frå Wikborg Rein med sitt innleiingsforedrag. Det er Filip Truyen som fører saka for konkursbuet, saman med  Kaja Kvinnsland og Morten Valen Eide. 

Tysdag etter lunsj startar etter planen dei saksøkte sine advokatar sitt innleiingsforedrag som også går onsdag. 

Torsdag blir det ifølgje planen første dag med partsforklaring frå bustyrar Bjørn Åge Hamre og Tomislav Debeljak, før retten tek langhelg og fri på fredag. 

Alt om søksmålet etter Kleven-konkursane

Tidlegare Kleven-leiinga forklarar seg
Neste veke startar med forklaringar frå den tidlegare Kleven-leiinga, mellom anna verftsdirektør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse på måndag. 

Dei slapp å forklare seg i førre rettsrunde om korleis forholdet til den nye verftseigaren utvikla seg etter at Div Group tok over vinteren 2020.

I tingretten kom det fram at den lokale leiinga og kroatane tidleg kom på kant, og at forholdet hadde skåre seg fullstendig då tre verftsselskap gjekk konkurs sommaren 2020. 

Tysdag og onsdag den siste veka blir det forklaring frå advokatane som var involvert, bankane og burevisor. 

Mesteparten av torsdagen skal etter planen representantar frå Div Group forklare seg. 

Måndag 27. januar er det klart for prosedyrar, som vil helde fram tysdag og onsdag, då saka skal avsluttast.

Alt om søksmålet etter Kleven-konkursane

NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.

Publisert: 13.01.2025 08:50

Sist oppdatert: 13.01.2025 10:42

Mer om