Tysdag og onsdag har advokatane til den tidlegare eigaren av Kleven-verftet halde sitt innleiingsforedrag i Gulating lagmannsrett.
Den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg er saksøkt for nær 136 millionar av konkursbuet etter dei tidlegare verftselskapa.
Tingretten frifann kroaten for skuldingane i førre runde. Advokatane hans la ned påstand om at anken blei forkasta – og at konkursbuet blei dømt til å dekke sakskostnadene deira.
Undervegs i innleiingsforedraget retta advokatane meir merksemd mot korleis den lokale Kleven-leiinga hadde handla, enn i tingretten.
Tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad og tidlegare finansdirektør Ola Beinnes Fosse er mellom dei nye vitna i ankerunden og skal forklare seg seinare i saka.
Forholdet til verftsleiinga skar seg
Det er kjent at forholdet mellom eigarane i Div Group og den lokale verftsleiinga skar seg etter at kroatane overtok verftet i 2020.
– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av, sa Bollestad til Nett No etter at han hadde avslutta sitt arbeidsforhold ved verftet.
Dei saksøkte sine advokatar peika på korleis handlingane til verftsleiinga påverka situasjonen – i ei periode då både bankar og leverandørar var urolege for framgangsmåten til dei kroatiske eigarane.
Sende vidare interne e-postar
Advokat Karl Rosén dokumenterte at Bollestad ved fleire høve sende interne e-postar vidare til bankane, også før han informerte andre på verftet, eller eigarane.
Han viste også til sms-dialog mellom verftsdirektøren og ein bankadvokat, mellom anna om korleis det gjekk i forhandlingane med Hareid Group om ein viktig kontrakt.
– Om han er oppteken av å styre Kleven, eller halde dialog med bankane, kan ein spørje seg om, sa Rosén i retten onsdag.
Det er venta at Bollestad skal forklare seg i retten måndag.
Kravde millionbonus
Krav om ein millionbonus frå tidlegare finansdirektør Ola Beinnes Fosse vart også tema i innellingsforedraget. Han sa opp stillinga i mai 2020 og sende same dag krav om utbetaling av ein bonus på kring 1,7 millionar kroner.
Dei saksøkte sin advokat påpeika at kravet blei sendt frå same advokat som både hadde vore Div Group sin forhandlingspart om å kjøpe Kleven - og på det tidspunktet framleis representerte ein av bankane som hadde avtaler med Kleven.
Advokatane sine dobbeltroller blei også problematisert fleire gonger då saka var oppe i tingretten.
Beinnes Fosse skal forklare seg seinare i saka, men Debeljak sin advokat meinte at kravet uansett var retta til feil selskap og høyrde til i det «gamle» verftsselskapet.
Prega av koronapandemien
Mistru mellom dei nye eigarane i kroatiske Div Group, verftsleiinga og bankane har vore ein gjennomgangsmelodi i domstolen si behandling av søksmålet mot den tidlegare verftseigaren.
Det har mellom anna kome fram at partane på kritiske tidspunkt satt med høgst ulike oppfatningar om situasjonen.
Advokat Rosén minna om at det allereie var svært ein vanskeleg periode med reiserestriksjonar og smittevernreglar grunna koronapandemien.
– Det var ei krevjande tid då mange sleit med betydeleg usikkerheit, sa han i retten.
Kleven-verftet var også berre eitt av ein rekke dotterselskap i Div Group-konsernet som stod i tøffe utfordringar, minna han om.
På toppen kom kulturskilnader og språkbarrierar som ikkje gjorde den nye eigarsituasjonen ved Kleven betre.
Kontrakt med Hareid Group sentral
I innleiingsforedraget nytta dei saksøkte tid til å dokumentere korleis dei kroatiske eigarane jobba med å innføre nye kontrollrutinar – som dei meinte var mellom deira styrkar.
Dette fall ikkje i god jord hos den lokale verftsleiinga og førte til misnøye hos fleire leverandørar - som igjen vekka uro hos bankane.
Den tidlegare nemnte kontrakten med Hareid Group – og at leverandøren ville legge ned arbeidet på verftet – vart viktig for bankane.
Undervegs fekk dei informasjon om fleire utfordringar med avtalen og konsekvensane det kunne få for framdrifta på eit nybygg.
Dei saksøkte sine advokatar stilte samtidig spørsmål ved at det ikkje vart nemnt med eit ord at verftet og leverandøren forhandla vidare om ein mogleg avtale.
Forhandlingane stranda kort tid før eit mykje omtala skjebnemøte 23. juni 2020, som enda med at bankane bestemte seg for å seie opp sine avtaler.
Få dagar seinare melde dei tre verftsselskapa oppbod.
NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.
Publisert: 16.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 16.01.2025 09:06