Peggy hessen følsvik ole einar almlid jan christian vestre foto ntb scanpix 11
KRISEMØTER: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har hatt fleire krisemøte med partane i arbeidslivet den siste tida. Her er han etter møtet med NHO-sjef Ole Erik Almelid, administrerande direktør i Virke Ivar Horneland Kristensen og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik onsdag førre veke. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nytt

Blir pressa på lønnsstøtteordning

Regjeringa vil bruke veka - men SV og Raudt meiner det hastar.

14.12.2021

(NPK-NTB-Marie De Rosa og Johan Falnes): Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vil bruke veka på å få på plass lønnsstøtte til bedriftene. No hastar det, svarer Raudt og SV.

Tysdag la regjeringa fram ein omfattande krisepakke for å berge næringslivet og kulturbransjen gjennom endå ein runde med strenge koronatiltak.

Men éi ordning lèt framleis vente på seg: Lønnsstøtte.

– Målet er å prøve å lande det i løpet av veka, sa Vedum på pressekonferansen tysdag morgon.

– Det hastar
Det lèt ikkje til å roe opposisjonen, som ber regjeringa få opp farten.

– Avgjerder om å permittere skjer akkurat, då hjelper det ikkje å komme med ei lønnsstøtteordning mot slutten av veka, seier Raudt-nestleiar Marie Sneve Martinussen.

Også budsjettpartnar SV meiner det hastar.

– Det er bra at regjeringa relativt raskt legg fram forslag til støtteordningar for ramma bedrifter, men no hastar det veldig å gi folk og verksemder tryggleik rundt arbeidsplassar gjennom krisa, seier nestleiaren i partiet, Torgeir Knag Fylkesnes.

Virke: Vi er tilgjengelege
NHO, LO og Virke har lenge etterlyst ei lønnsstøtteordning som kan bidra til å hindre massepermitteringar. Regjeringa var først avventande, men snudde før helga etter fleire krisemøte med partane i arbeidslivet.

Fredag kunne verken Vedum eller næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) svare på når ordninga ville vere klar.

Virke seier dei er klare for å samarbeide om utforminga av ei lønnsstøtteordning, men meiner regjeringa har komme seint i gang.

– Vi trur finansministeren på hans ord når han seier at han skal levere ei lønnsstøtteordning i løpet av veka. Vi har levert innspela våre og er tilgjengelege heile døgnet for departementet, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

Nybrotsarbeid
Vedum forsvarer tidsbruken med at lønnsstøtteordninga er nybrotsarbeid.

– Når ho kjem, må ho vere sånn at folk kan bruke henne, seier han og held fram:

– Derfor har vi sett oss ned med partane og bruker denne veka på å utforme ei ordning som vil fungere og som vil hjelpe, seier Vedum til NTB.

Vestre forsikrar om at ordninga kjem.

– Eg er like utolmodig som bedriftene og partane i arbeidslivet, og jo snarare jo betre. Men det er viktig å understreke at det ikkje er eit spørsmål om det kjem ei lønnsstøtteordning. Det kjem ei lønnsstøtteordning, seier næringsministeren.

Han legg ikkje skjul på at det likevel kan komme permitteringar.

– Men målet med den samla politikken til regjeringa er å halde flest mogleg i jobb, seier han.

(©NPK)

Publisert: 14.12.2021 13:36

Sist oppdatert: 15.12.2021 11:05

Mer om