Ronny Langset blir sjef for Kongsberg Maritime si forsvarssatsing i Ålesund.
Langset har vore sjef for Vard-verftet Vard Langsten sidan mai 2017. Nyleg blei det offentleggjort at han har slutta og at Odd Henrik Iversen har overteke jobben.
Som sjef for verftet har Langset mellom anna hatt ansvaret for bygging av tre store kystvaktskip for forsvaret og har og vore ein frontfigur i Vard sitt arbeid for å få gjennomslag for at også fregattar kan byggast i Noreg.
Onsdag vart det offentleggjort kva som er den nye jobben til Langset.
Det er å leie Kongsberg Gruppen sitt sjømilitære kontor i Ålesund og vere ein av leiarane av den sjømilitære satsinga til konsernet, gjennom stillinga som «executive vice president naval surface ships» i Kongsberg Defence & Aerospace.
– Vi er veldig fornøgde med at ein leiar av Ronnys kalliber vil bli ein del av vårt lag, skriv Kongsberg Defence & Aerospace i ei pressemelding.
Auka satsing på forsvaret
Det var i fjor Kongsberg Gruppen vedtok å legge sitt sjømilitære kontor til Ålesund.
«Den maritime klyngen i Nordvest er verdensledende, og Ålesund er derfor et naturlig valg når vi nå etablerer et kontor for vår sjømilitære satsing. Kongsberg Maritime har allerede et stort og velkjent fotavtrykk i regionen. Nå forener vi kreftene, på tvers av Kongsbergs fire forretningsområder, for å ta en tydelig posisjon i satsingen på å levere en standardisert fartøysklassse til Sjøforsvaret», sa konsernsjef i Kongsberg Gruppen, Geir Håøy i ei pressemelding i mai 2024.
Kongsberg Gruppen har i fleire å arbeidd med eit design for standariserte fartøy til forsvaret, som kan utrustast til ulike typar krigsskip.
Stor militær satsing
Noreg har bestemt seg for å bygge 28 nye mindre krigsskip - som skal byggast i Noreg. I tillegg skal det byggast fem nye fregattar. Dei skal byggast i samarbeid med allierte - eventuelt i Noreg.
-Vi har det største militære byggeprogrammet i Europa, sa bransjesjef Stål Heggelund i Maritim bransjeforening og Havbruksleverandørene i Norsk Industri til Nett No før Verftskonferansen i Ålesund i november 2024.
Konferansen hadde mellom anna bygging av skip til forsvaret som tema, både det norske og til utlandet.
Publisert: 22.01.2025 09:11
Sist oppdatert: 24.01.2025 09:54