Militaere skip foto sjoforsvaret 11
MANGE NYE FARTØY: Det norske forsvaret skal investere i ein rekke ulike fartøy i ulike storleik framover. Foto: SjøforsvaretFoto:Sjøforsvaret.
Analyser

Admiralar og generalar i fleng

No ser skipsbyggingsbransjen i retning Forsvaret og opprustning - og forsvarsaktørar ser mot norsk maritim opprustning.

03.11.2024

ANALYSE

Første dag av den årlege Verftskonferansen i Ålesund, som startar tysdag i komande veke, handlar i all hovudsak om opprustning av det norske sjøforsvaret og tryggleikspolitikk.

Dette er tema som ikkje har vore langt framme på desse konferansane tidlegare, men no er det på topp.

Noreg har bestemt seg for å bygge 28 nye mindre krigsskip - som skal byggast i Noreg. I tillegg skal det byggast fem nye fregattar. Dei skal byggast i samarbeid med allierte - eventuelt i Noreg.

-Vi har det største militære byggeprogrammet i Europa, seier vert for konferansen, Stål Heggelund. Han er bransjesjef - Maritim bransjeforening og Havbruksleverandørene i Norsk Industri.

Eit slikt byggeprogram skaper interesse også i utlandet.

På talarliste til Verftskonferansen har Heggelund fått brigadegeneral Maik Keller frå det tyske forsvarsdepartementet, tidlegare viseadmiral i USA og noverande sjef for Fincantieri Marinette Marine Richard Hunt, nestkommanderande for den franske flåten kontreadmiral Guillaume Arnoux, direktør i den franske forsyningskommandoen Grégory Andrieu, general Gwyn Jenkins i Storbritannia og direktør Dan Bishop i det britiske forsvarsdepartementet. Etter opning av konferansen tysdag er resten av tida fram til lunsj første dag sett av til deira innlegg og panelsamtalar.

Årets verftskonferanse går forøvrig samstundes med den fire dagar lange store sjømilitære messa og konferansen Euronaval i Paris. Den samlar 450 utstillarar frå 30 land og reknar med 22.000 besøkande. 400 deltakarar og fullt hus i Ålesund blir ikkje heilt det same. At Verftskonferansen likevel har greidd å trekkje til seg innleiarar frå fire store allierte NATO-land illustrerer at dei norske byggeplanane har vekt merksemd.

-Ideen i år er at vi skal vise det industrielle samarbeidet som vi kan ha med våre allierte i Europa og USA, seier Heggelund. 

Ein analyse Menon Economics laga  tidlegare i år, på oppdrag for Maritimt Forum, Norsk Industri, LO og NHO konkluderte med at sysselsettingseffekten av det nye byggeprogrammet blir 56.500 årsverk. 23.500 av dei kjem under bygging av fartøya, resten i vedlikehald og reparasjonar etterpå.

Fleire bedrifter som leverer til forsvarsindustrien er bakgrunnen for at Vestfold kjem best ut målt i sysselsetting, med 4.700 årsverk i ei 12-årsperiode, anslår Menon Economics.

På Nordvestlandet, som er tyngdepunktet for norske skipsverft, anslår Menon Economic at krigsskipa vil gi 3.900 årsverk i byggeperioden.

-Potensialet er enormt, og uansett korleis du vrir og vender på det er det enormt for Møre og Romsdal, sa dagleg leiar Elise Fiske i Maritimt Forum Nordvest.

Vidaregåande skular, fagskulen og NTNU i Ålesund - saman med fleire andre aktørar - har gått saman om å få til ei kraftig opptrapping i utdanninga av sjøfolk. Samarbeidet starta tidlegare i år, og denne veka lanserte samarbeidspartnarane ideen sin på ein pressekonferanse - nøye tilpassa som eit innspel til verftskonferansen komande veke.

Sett frå den maritime klynga på Nordvestlandet sin ståstad var det ein siger at regjeringa sa så klart at dei 28 mindre skipa til sjøforsvaret skal byggast i Noreg. Enda større fjør i hatten blir det dersom også nokre av fregattane  blir bygde her. 

Eit pluss blir det og om styresmaktene vel å satse på Ålesund som eit senter for å utdanne alle sjøfolka som må til. Skal det lukkast krev det truleg dyktig lobbyist-arbeid.

I kor stor grad utstyrsleverandørane lukkast, kan og i ei viss grad bli avgjort i politiske prosessar. Også utanlandske aktørar vil vere interessert i ein bit av kaka når Noreg skal bygge så mange nye skip. Det er ein faktor, men ikkje nødvendigvis eit trugsmål, fordi innpass i det norske byggeprosjektet kan gi norsk industri tilsvarande innpass i andre land sine nybyggingsprogram

Publisert: 03.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 02.11.2024 22:53