Blodraude tal for buss
STØRST: Nettbuss er landets største busselskap med ambisjonar på Nordvestlandet. Selskapet vann i Ålesund, men tapte i Nordfjord. No kjem nye anbod i Molde, Sogn og Sunnfjord. 
Nytt

Blodraude tal for buss

Knallhard konkurranse og mangelfull lokalkunnskap gir blodraude tal for busselskap.

Ivar Myklebust Longvastøl
05.12.2013
- Nordvestlandet er viktig for oss. Vi har råd til å tape nokre kontraktar, men vi håper for all del å vinne, seier Arne Veggeland, administrerande direktør i Nettbuss AS, eit av Nordens største busselskap med ein omsetnad på 5,6 milliardar kroner i fjor - og eit underskot før skatt på 43 millionar.

Fem av ti i minus

Ein gjennomgang av rekneskapstala for fleire av dei store, norske busseselskapa og nokre av dei lokale, viser at fem av ti gjekk med til dels store minustal i 2012 (med eit samla underskot på 247 millionar kroner før skatt). Seks av ti gjekk dårlegare enn i 2011, og berre eitt av dei store - Norgesbuss AS - tente pengar (sjå faktaboks).

Snart er alt på anbod

Frå å ha monopolposisjon i sine lokalområde, er i dag over 70 prosent av bussrutene ute på anbod med fri konkurranse, som følgje av eit direktiv frå EU. Innan 2019 skal all busstransport vere anbodsutsett, på line med passasjertrafikken til sjøs. Dette har ført til at mindre selskap ikkje vågar å stå åleine og søkjer alliansar., og Nettbuss AS kjøpte Buss Møre (no ein del av Nettbuss Midt-Norge), Nordfjord-Ottadalen og Sogn Billag.

Ventar underskot

- Det er ikkje dei tidlegare Fjord1-selskapa si skuld at vi fekk eit dårleg resultat i 2012. Vi får minustal i år også, og hovudgrunnen er to-tre kontraktar som går veldig dårleg, i Bergen og på Austlandet, seier Veggeland.
Nettbuss-sjefen har ansvar for 8300 medarbeidarar og 133 millionar passasjerar årleg, i Noreg, Danmark og Sverige.

Sel seg for billeg

- Det er ein tøff bransje å tene pengar i, og det tek ei tid å lære seg å tilpasse seg konkurranse og anbod. Når ein går inn i nye område, er det lett å selje seg for billeg for å vinne. Det kan vere veldig krevjande å rekne rett på ruter som ute på bygdene, og det verte teke for høg risiko som gir økomiske resultat ein ikkje burde ha, seier Veggeland.

Tapte på heimebane

Nettbuss Nordfjord-Ottadalen tapte anbodet på heimebane etter ein tett kamp med Firda Billag Buss AS i Førde, som til sommaren overtek køyringa i Nordfjord for åtte år. Selskapet med hovudkontor i Stryn tapte også på andre sida av fjellet, til Torghatten-eigde Gauldal Billag som overtek i Gudsbrandsdalen frå 1. januar og i sju år framover.

Vann i Ålesund

Nettbuss vann i Ålesund, men tapte for Tide i Kristiansund. No kjem snart Molde ut på anbod. I Sogn og Fjordane står Sunnfjord (2016) og Sogn (2017) for tur.
- Vi er eit stort selskap og toler nokre tap, sjølv om vi ikkje likar det. Eit tap er mykje meir dramatisk for ein liten aktør, seier Veggeland.

Ventar fleire oppkjøp

Nettbuss-sjefen ventar fleire oppkjøp og dermed færre og større regionale selskap.
- Vi ser til dømes at Cominor AS, der Hurtigruten er største aksjonær, har gått offensivt ut for selje, seier Veggeland.
Også Cominor leverte blodraude tal i fjor.

Vil ikkje kunne vare

- Har konkurranseutsetting ført til at fylkeskommunane får billegare tenester?
- Det er vanskeleg måle nøyaktig, men Transportøkonomisk Institutt har gjort ei undersøking som tyder på at prisen har blitt lågare. Det som er klart er at ei utvikling der nesten alle tener mindre, vil ikkje kunne vare, seier Arne Veggeland.
Når ein går inn i nye område, er det lett å selje seg for billeg for å vinne

Publisert: 05.12.2013 06:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30