Lars Oscar Ovstegard foto privat
Lars Oscar Øvstegård (midten) saman med støttespelarane Terje Bøe og Geir Høydalsvik (t.h.). Tre år etter han starta arbeidet, har no ørstingen kome eit steg lengre i arbeidet med å anlegge søksmål mot staten om formuesskatten. Foto: Privat
Nytt

– Kan verke som at det er om å gjere å utmatte saksøkarane

Etter å ha venta eit halvår, har Lars Oscar Øvstegård fått eit vedtak om formuesskatten han kan klage på.

Marius Rosbach
23.04.2026

Lars Oscar Øvstegård har kome eit steg lengre i det som er blitt ein kamp om å møte den norske staten i retten. Målet er eit søksmål der dei vil hevde at formuesskatten er urimeleg, urettferdig – og bryt med menneskerettane og grunnlova. 

Regjeringsadvokatane vann fram med sitt syn i retten om å avvise eit generelt søksmål, slik det var anlagt frå ørstingen og medsaksøkjarane. 

Samtidig peika regjeringsadvokaten på ein alternativ veg inn i rettssystemet, ved å klage på eit konkret skattevedtak. 

Vegen dit skulle vise seg å vere lengre enn Øvstegård hadde sett føre seg. Men: Førre veke kom vedtaket frå Skatteetaten som han har venta på i eit halvår.

Det neste steget er å klage på vedtaket – for så å ta det inn for domstolane. 

Reagerer på saksbehandlinga
Geir Høydalsvik er ein av støttespelarane til Øvstegård og rekneskapsføraren hans. 

Han stiller spørsmål ved kvifor det tok eit halvår før dei fekk vedtaket – som Øvstegård har vore avhengig av for å kome vidare. 

– Det kan verke som at det er om å gjere å utmatte saksøkarane og stikke flest mogleg kjeppar i hjula, fortel han til Nett No. 

Øvstegård melde i oktober i fjor endringar i skattemeldingane for dei siste åra, og oppga null kroner i formue. Etterpå fekk han også betalt tilbake formuesskatten han har betalt i løpet av desse åra. 

Nett No har fått opplyst frå saksbehandlar og kommunikasjonsavdelinga til Skatteetaten at slike endringar i hovudsak blir behandla automatisert. 

Viser til teieplikt
Etter fleire purringar fekk Øvstegård svar frå Skatteetaten i januar om at dei ikkje kunne seie noko om kor lang saksbehandlingstida vil vere. 

Det same var beskjeden Nett No fekk opplyst frå saksbehandlar, nokre timar før vedtaket blei sendt til Øvstegård førre veke.

Skatteetaten har teieplikt og opplyser via kommunikasjonsavdelinga at dei ikkje kan kommentere enkeltsaker. Dei kan difor ikkje svare på om det var tilfeldig at vedtaket kom same dag.

Vurderer fleire moglegheiter
Lars Oscar Øvstegård har planar om å gå til søksmål for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Med seg har han Brunstad-eigar Olaug Strand Brunstad og Stafset-syskena som eig Spilka-konsernet. 

I februar avviste Høgsterett ei anke frå saksøkjarane etter at spørsmålet om å få saka for retten hadde vore gjennom fleire rettsinstansar. 

Samtidig blei det peika på at det var mogleg å få saka for retten via eit klage på eit konkret skattevedtak. Det er hovudsporet saksøkjarane no følgjer. 

Samtidig vurderer dei å ta søksmålet direkte innfor menneskerettsdomstolen i Strasbourg, som eit alternativt spor. Saksøkjarane meiner formuesskatten slik den er utforma i dag, er konfiskatorisk, diskriminerande og bryt både med menneskerettane og grunnlova.

Publisert: 23.04.2026 12:52

Sist oppdatert: 23.04.2026 12:52

Mer om