Bourbon Offshore avtale paa plass
AVTALE: Bourbon Surf og Bourbon Borgstein i opplag på Eidså i Vanylven.
Nytt

Bourbon Offshore-avtale på plass

Bourbon Offshore har lukkast med omfattande restrukturering av gjelda.

31.07.2017
Det Marseilles-baserte selskapet opplyser i måndag at ein har lukkast å få på plass ein omfattande restruktureringsavtale for selskapet.
Dette er ein del av ein 'stronger for longer'-plan som selskapet la fram i mars.
Ein del av avtalen er refinansiering av gjelda på 910 millionar Euro.
Selskapet har fått flytta tilbakebetalinga fram i tid, der 629 millionar Euro ikkje skal betalast før enn i perioden 2019 til 2025.
Det er også gjort avtale om refinansiering av korttidsgjelda på 196,8 millionar Euro, der også tilbakebetalinga er skudd fram i tid.

Stor aktør

Bourbon Offshore er av dei aller største offshoreaktørane med ein flåte ved siste årsskiftet på 514 skip.
Selskapet er morselskap til Bourbon Offshore Norway, som har 12 eigde skip fordelt på seks PSV-ar, fire fleirbuksskip og to ankerhandterarar.
I tillegg har Bourbon Offshore Norway ansvaret for tre ankerhandterarar og fire PSV-ar på bareboatavtalar.

Publisert: 31.07.2017 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12