Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Investorane likte tydeleg oppdateringa frå Arctic Bioscience om ein stor internasjonal studie.
Arctic Bioscience-aksjen skaut opp frå start på børsen onsdag.
Selskapet fortalde tysdag om resultata i ein endeleg rapport frå ein stor internasjonal studie for sitt middel mot psoriasis.
Sluttkursen tysdag var 3,42 kroner. I løpet av kort tid var kursen onsdag oppe i 4,80 kroner, før den sank tilbake til under 4 kroner aksjen og deretter steig mot slutten av dagen.
Sluttkursen vart 4,20 kroner - ein oppgang på 22,81 prosent og 3. størst verdiauke på Oslo børs onsdag.
Framleis er det likevel langt opp til nivået aksjen hadde før dei førebelse resultata frå studien kom i fjor haust.
Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta starta opphaveleg som ein helsekostprodusent basert på silderogn, før selskapet byrja å arbeid med å utvikle eit middelt mot hudsjukdoment psoriasis - også det basert på silderogn.
Les også
Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fortalde under presentasjonen onsdag, at han var trygg på at middelet ville nå marknaden – men ikkje nødvendigvis med legemiddelgodkjenning.
– For oss dannar dette eit godt grunnlag for å gå inn i hausten og fortsette partnardialogar, slik at vi kan få på plass ein eller fleire – for å utvikle HRO350 visare saman med oss, sa han under presentasjonen.
Til Nett No fortalde han at selskapet har ein plan B for å nå ut i milliardmarknaden som er anslått for middelet.
Den internasjonale studien har vart i eit heilt år og viser ein skilnad for pasientane.
Forsøkspersonar som fekk middelet hadde betre resultat enn dei som fekk narremiddel. Samtidig er placebo-effekten framleis høg – og selskapet vil difor jobbe for å finne fram til ein anna metode i neste fase.
Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein oppgang på 0,69 prosent til 1619,37 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 4,20 | 22,81 % |
| Atlantic Sapphire | kr 8,99 | 3,74 % |
| Endúr | kr 89,20 | 0,68 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,35 | 0,26 % |
| Hav Group | kr 7,12 | -0,28 % |
| Havila Kystruten | kr 1,33 | -0,75 % |
| Havila Shipping | kr 1,37 | 0,37 % |
| Hexagon Composites | kr 17,86 | 0,79 % |
| Hexagon Purus | kr 2,19 | -2,89 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,90 | -2,06 % |
| Tinde Sparebank | kr 123,46 | -1,23 % |
| Salmon Evolution | kr 6,20 | 0,81 % |
| Sparebanken Møre | kr 106,96 | 1,40 % |
Publisert: 02.07.2025 10:50
Sist oppdatert: 02.07.2025 16:49






