Listhaug IKKE GJENBRUK foto npk
BRAKVAL: Sylvi Listhaug står sterkt i Møre og Romsdal, spesielt på Sunnmøre. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Brakval for Frp i Møre og Romsdal

Også Arbeidarpartiet går fram i fylke.

NPK
09.09.2025

(NPK – Bent Tandstad): Når dei fleste røystene er opptalde får Framstegspartiet får tre mandat frå Møre og Romsdal. Arbeidarpartiet ligg an til to mandat, medan Senterpartiet, KrF og Høgre ser ut til å få eitt mandat kvar.

Det ser ut til at Frp blir representert med Sylvi Listhaug (47), Frank Sve (57) og Joakim Myklebost Tangen (23). Arbeidarpartiet er inne med Per Vidar Kjølmoen (52) og Åse Kristin Ask Bakke (29).

Sjå siste oppdatering om valresultatet

Det ser også ut til at Harry Valderhaug (60) kan rekne med stortingsplass for KrF, han er inne med eit utjamningsmandat no. Høgre er inne med Monica Molvær, (39) medan Geir Inge Lien (53) ser ut til å behalde plassen sin på Stortinget for Senterpartiet.

Det viser seg at Framstegspartiet går sterkt fram, medan Høgre og Senterpartiet går mest tilbake.

Svakt for Senterpartiet
Det ser likevel ut til å bli eit elendig val for Senterpartiet både i Møre og Romsdal og resten av landet. Ned ti prosent sidan valet i 2021 er ikkje lystelege nyheiter for partiet.

Framstegspartiet får 32,4 prosent av røystene, opp 10,3 prosentpoeng frå valet i 2021. Arbeidarpartiet ser ut til å få 23,7 prosent, pluss 3,5 pst. Høgre ligg an til å få 12,5 prosent av røystene i Møre og Romsdal, tilbake 3,7 prosent frå 2021.

Dei første tala viser at Senterpartiet får 7,3 prosent, tilbake 10,2 prosentpoeng sidan førre stortingsval. KrF har 6,8 prosent, pluss 1,5 pst. SV har 3,7 prosent, minus 2,6 pst. Raudt har 3,5 prosent, pluss 0.2 prosent. Venstre har 3,0 prosent, + 0,1, medan MDG har 2,9 prosent, fram 0,6 pst.

Haram er tradisjonelt ein sterk kommune for Senterpartiet, men også her har partiet gått kraftig tilbake.

Frp størst i fylket
Framstegspartiet ser ut til å bli det største partiet i fylket, og partiet kan faktisk bli størst i alle kommunane på Sunnmøre. Sylvi Listhaug og Frank Sve er sunnmøringar, medan 23 år gamle Joakim Myklebost Tangen er frå Gjemnes i Romsdal.

I Herøy kommune ser det førebels ut til at Framstegspartiet får 45 prosent av røystene, medan i fleire andre sunnmørskommunar har partiet godt over 30 prosent.

– Vi er størst i nesten alle kommunar i fylket, og det er eit veldig klart svar frå næringsfylket Møre og Romsdal. Og vi har parkert Arbeidarpartiet, sa ein svært nøgd Frank Sve på den felles valvaka i Ålesund.

Partileiar Sylvi Listhaug sa i talen sin på partiet si valvake at ho sjølvsagt er skuffa over at det ikkje blir regjeringsskifte, men samstundes er ho strålande nøgd med brakvalet til Frp.

– Det er heilt fantastisk. Vi har gjort det beste valet nokon gong, og eg er strålande nøgd med det, sa ho blant anna.

Listhaug sa også at Noreg går fire tøffe år i møte med det ho kalla ei «historisk venstredreiing»

KrF i siget
Kristeleg Folkeparti har også gjort eit godt val i Møre og Romsdal. Framgangen er langt frå så stor som det Framstegspartiet opplever, men det er stor glede i lokalpartiet over at Harry Valderhaug ser ut til å kome inn på eit utjamningsmandat.

Partileiar Dag Inge Ulstein, som sjølv er sunnmøring, vart møtt med jubel på valvaka til partiet i Oslo.

– Vi er over sperregrensa, dette er berre starten. Vi får inn eit fantastisk lag med dyktige, tydelege, dedikerte og modige nye representantar på Stortinget, sa han blant anna i talen sin til partifellane sine.

Molde har vore ein sterk Høgre-bastion, men Arbeidarpartiet ser ut til å bli største partiet i dette valet. Også Frp ser ut til å bli større enn Høgre.

196.427 hadde røysterett ved valet i Møre og Romsdal.

På landsbasis ser det ut til at Høgre gjer sitt dårlegaste val på 20 år. Dei førebelse tala viser at dei har ei oppslutning på 14,2 prosent.

Framstegspartiet ser ut til å gjere sitt beste val nasjonalt nokon gong med førebels resultat på 24,7 prosent av røystene. Den gamle rekorden stammar frå 2009 då Siv Jensen fekk 22,9 prosent av røystene. Også då var dei klart størst på borgarleg side.

Det ser likevel ut til å bli raudgrønt fleirtal.

(©NPK)

Publisert: 09.09.2025 00:05

Sist oppdatert: 09.09.2025 00:16

Mer om