Bransje i beit for nye kontraktar
Ordreinngangen er meir enn halvert sidan i fjor. Denne veka samlast verftsbransjen i Ålesund.
4,5 milliardar kroner fordelt på 20 skip. Det er ordreinngang for norske skipsverft så langt i år, viser eit oversikt frå sals- og marknadssføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
I heile 2021 blei det inngått 26 kontraktar for til saman 9,6 milliardar kroner.
Dette er bakteppet når Norsk Industri arrangerer sin årlege verftkonferanse i Ålesund tysdag 2. og onsdag 3. november, med omlag 400 deltakarar.
Ordreinngangen er for liten i høve til kapasiteten, og no er bransjen også bekymra for det som har vore ei viktig kundegruppe dei siste åra, brønnbåtreiarlaga.
Ingen minister
Korkje næringsminister Jan Christian Vestre eller fiskeriminister Bjørnar Skjæran skal vere til stades på konferansen. Nærings- og fiskeridepartementet blir representert av statssekretær Vidar Ulriksen, som skal halde det første innlegget på konferansen.
Administrerande direktør Christof Tygat i den europeiske bransjeorganisasjonen for skipsbyggingsbransjen, Sea Europe, skal snakke om korleis skipsbyggingsmarknaden ser ut frå ein europisk synsvinkel.
Analysesjef Erik Tønne i Clarksons Platou skal gi si vurdering sett fra meklarbransjen.
Les heile programmet her (ekstern lenke)
Havbruk
Andre dag av konferansen er temaet havbruk, og kva verft og andre maritime bedrifter har å hente i den marknaden.
Mellom andre skal tidlegare Vard-sjef Roy Reite snakke om kva havbruksnæringa treng av maritime verdikjeder. Reite er no sjef for Salmar Aker Ocean, som skal byggje store oppdrettsanlegg for oppdrett til havs.
Publisert: 31.10.2022 09:00
Sist oppdatert: 31.10.2022 14:41