Strønen venta kontraktar under Nor-Fishing
Stemninga hos norske skipsbyggarar er stigande. Sjå resultatoversikt for verfta på Nordvestlandet.
- Vi trur det er ein uforløyst marknad for nybygging, seier administrerande direktør Asle Strønen i sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
Allereie under Nor-Fishing, som startar i dag tysdag 23. august, kjem dei første kontraktane til å bli offentleggjort.
- Stemninga er optimistisk, seier Strønen og ventar nye kontraktar både i år, neste år og i 2024.
10 milliardar i fjor - halvparten i år
Organisasjonen Norske Skipsverft fører statistikk over kontraktar som er på minst 50 millionar kroner.
Hittil i år er det offentleggjort 19 nybyggingskontraktar hos norske skipsverft. Samla verdi på kontraktane er omlag 4,5 milliardar.
I heile fjor vart det offentleggjort 26 nybyggingskontraktar på i alt 10 milliardar kroner. Strønen reknar med at 2022 kjem til å ende omlag som i fjor.
Strønen understrekar til NETT NO at det i tillegg blir inngått fleire kontrakter - spesielt på arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa- der kontraktsverdien er under 50 millionar.
Det er også ein viktig marknad for skipsverfta, ifølgje Strønen.
Todelt marknad
- Verftsindustrien er ikkje ei homogen masse. Vi arbeider i fleire nisjer. I reparasjon-/service-marknaden er det relativ grei ordreinngang og greie resultat, seier Strønen om resultata til skipsverfta (sjå tabell i slutten av artikkelen)
- Når det gjeld nybyggingsverft er det framleis god produksjonskapasitet og det er gledeleg at det fylles opp med store ordrar, slik som frå Remøy (Stig Remøy, red. merk) tidlegare i sommar og med båtar til oppdrettsnæringa, seier Strønen.
Vard-betring
Vard er framleis i minus, men meir enn halverer underskotet frå 2020 til 2021. Det er hovudårsaka til betre lønsemd for skipsverfta samla sett i fjor enn året før.
Vard har tre verft i Noreg, i Tomrefjord, Brattvåg og Søvik, og det klart største nybygginsselskapet i bransjen.
Tidlegare i sommar sa Vard-sjef Alberto Maestrini at målet er lønsam drift innan kort tid.
Til Nor-Fishing kjem også fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Det er han som har ansvaret for skipsbyggingsbransjen i Nærings og Fiskerdepartementet. Han er den viktigaste personen å overtyde for skipsverfta, som ønskjer at Eksfin kan gi garantiar som gjer norske verft meir konkurransedyktige.
Dei siste vekene har Eksfin møtt motbør for planane om å utvide garantiane knytt til skipsbygging i Tyrkia.
Resultat for norske skipsverft | |||||
Selskap | Driftsinntekt | Resultat før skatt | |||
2021 | 2020 | 2021 | 2020 | ||
Vard Group (K) | 6194,2 | 6540,5 | -766,1 | -1842,6 | |
Westcon Yards | 1742,8 | 1522,5 | -18 | 119,3 | |
Aas. Mek Verksted | 1040,9 | 1035,4 | 92,9 | 70,7 | |
Ulstein Verft | 923,8 | 1430,7 | 19,5 | 10,4 | |
Havyard Leirvik | 871,5 | 1619,9 | 25,5 | -14,7 | |
Myklebust Verft | 854,1 | 540,7 | -85,1 | 4,8 | |
Fitjar Mek. Verksted | 636 | 630,9 | 19,3 | 10,4 | |
Larsnes Mek. Verksted | 607,2 | 476,4 | 39,3 | 36,9 | |
Green Yard Kleven | 504,8 | 57,7 | 11,2 | -2,1 | |
Fiskerstrand Verft | 340,6 | 330,1 | 0,1 | 10,4 | |
Sletta Verft | 323 | 224,2 | 11,8 | 7,3 | |
Stadyard | 313,7 | 332 | -2,2 | -6,6 | |
Brødrene Aa (K) | 292,7 | 342,9 | -49,9 | -40 | |
Båtbygg | 282,5 | 288 | 16,8 | 21,4 | |
Salthammer Båtbyggeri | 190,3 | 123,5 | 1,8 | -4,9 | |
Fjellstrand | 181,8 | 42,3 | 11,2 | -7,3 | |
Vegsund Slip | 154,8 | 261,7 | 23,1 | 17,1 | |
Moen Verft | 114,8 | 99,6 | -1,7 | 2,1 | |
Hellesøy Verft | 45,9 | 2,1 | -4,9 | -1 | |
Vaagland Båtbyggeri | 36,9 | 79,8 | -5,7 | -7,5 | |
Måløy Verft | 35,2 | 33,1 | 1 | -0,4 | |
Havyard Ship Technology | 0,03 | 314,6 | -9,4 | -26,4 | |
SUM | 7750,53 | 8265,6 | 114,6 | 80,6 | |
Fosen Yard Holding | 1000,7 | 7,7 | |||
Fosen Yard Holding sitt 2021-reknskap er førebels ikkje registrert i Brønnøysundregisteret. |
Publisert: 23.08.2022 05:00
Sist oppdatert: 23.09.2022 12:24