Asle Strønen foto Ogne
BETRE VILKÅR: Asle Strønen i Norske Skipsverft møter fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran for å legge fram skipsverfta sitt ønskje om betre tilbod frå Eksfin - samanslåinga av Eksportkreditt og Garantiinstituttet for eksportkreditt. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil ha Eksfin-finansiering til verfta

Meiner skipsverfta må få lån og garantiar på line med skipsreiarane. Møter fiskeri- og havministeren om saka.

19.01.2022

Møtet Norske Skipsverft skal ha med Ap-statsråd Bjørnar Skjæran er avtalt 24. januar, på nett. Der skal dagleg leiar Asle B. Strønen i Norske Skipsverft og ei gruppe verftsleiarar argumentere for kvifor Eksfin - samanslåinga av Eksportkreditt og Garantiinstituttet for eksportkreditt - må utvide tilbodet sitt slik at også skipsverfta blir omfatta.

Norske Skipsverft er ein sal og marknadsorganisasjon for skipsverfta, og arbeider også for å betre rammevilkåra for næringa.

Nett no er det utvida tilbod frå Eksfin som står øvst på prioriteringslista.

Manglar pengar
Verfta treng pengar for å finansiere bygging av nye skip, fram til skipet er levert og betalt. Etter fleire tøffe år for næringa - og først og fremst for dei største verfta - er økonomien og evna til å ta på seg nye oppdrag svekt.

Difor vil Norske Skipsverft at Eksfin etablerer eit nytt produkt «Lån og garantiar for skipsverfta» som verfta kan søke om på kommersielle vilkår. Slik vil Eksfin kunne avlaste dei kommersielle bankane og levere på eit behov som verftsnæringa har, ifølgje Strønen.

- Regjeringa må endre mandatet til Eksfin, slik at Eksfin kan gi det same tilbodet til verft som til utstyrsindustrien og reiarlaga, seier han.

Dersom skipsverfta får tilsvarande finansieringstilbod som reiarlaga og utstyrsleverandørane vil det gi oppdrag og arbeid til selskap og tilsette i Noreg.

- Dagens einsidige praksis der garantiar og lån følgjer reiarlaga, og ikkje det norske byggeverftet, fører til at garantiar og lån frå Eksfin byggjer opp skipsbyggingskompetanse i lågkostland, seier Strønen.

Tynn ordrebok

Norske Skipsverft registrerer alle offentleggjorte kontraktar over 50 millionar kroner om bygging av skip ved norske verft.

I fjor vart det inngått kontraktar på 9,2 milliardar kroner på i alt 21 fartøy, i følgje Norske Skipsverft sin statistikk. I alt er 52 fartøy under bygging, med ein samla kontraktsverdi på 29 milliardar kroner. 32 av fartøya i ordreboka skal leverast frå verfta i løpet av 2022.

I løpet av 2022 blir ordreboka for tynn, og verfta treng påfyll av nye oppdrag for å kunne utnytte kapasiteten, etter Norske Skipsverft si vurdering.

Optimisme
Strønen understrekar at Norske Skipsverft ser optimistisk på sjansen for nye kontraktar i løpet av 2022.

Han peikar og på at det er skilnadar mellom dei store og dei mindre verfta.

- Dei små og mellomstore gjer det betre enn dei store. Trenden dei siste åra er at dei små verfta får byggeoppdrag som blir meir og meir komplekse, seier Strønen.

Meir komplekse byggeoppdrag betyr også båtar som kostar meir, og ein aukande del av dei mindre verfta kjem difor med i Norske Skipsverft si oversikt over ordreinngangen.

Publisert: 19.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 19.01.2022 10:51