Dei 92 meter lange forsyningsskipa skal byggast for det nederlandsk-brasilianske selskapet CMM, som Kongsberg Maritime no har ein avtale med.
CMM er på førsteplass i det brasilianske oljeselskapet Petrobras si rangering av moglege kontraktspartnarar som kan få 12-årskontraktar for utleige av skip til oljeselskapet.
Avtalen mellom Kongsberg Maritime og CMM vil auke CMM sine sjansar til å vinne Petrobras-kontraktane, fortel Kongsberg Maritime på nettsida si.
Meldinga opplyser ikkje kontraktsum.
Petrobras-turné
Representantar for Petrobras var i sommar på besøk i Noreg for å fortelje om sine store investeringsplanar.
Det brasilianske oljeselskapet skal leige 152 offshorefartøy på lange kontraktar de neste åra - 26 av dem nybygg.
Petrobras planlegg investeringar på 73 milliardar dollar i åra 2024-2028.
Planane omfattar både nye oljeplattformar, og ei kraftig utviding av flåten med offshorefartøy som Petrobras skal leige.
Brasilianske erfaringar
– Klynga her er godt posisjonert for å levere det dei er ute etter, sa dagleg leiar Pierre Major i den maritime klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime då Petrobras-representantane var på Niordvestlandet i sommar.
Blant selskapa med kjennskap til den brasilianske marknaden er også Kongsberg Maritime, som hittil har levert desgnet til over 50 offshorefartøy til Brasil.
Publisert: 17.12.2024 08:34
Sist oppdatert: 17.12.2024 17:50