På topp utgjorde utlån til næringslivet 20 prosent av utlåna frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. No er andelen nede i 15 prosent, men planen er å auke på ny.
Banken har gått mellom anna ut av syndikatlån og redusert eigedomsporteføljen, og er no klar for ny vekst, seier administrerande direktør Stig Brautaset.
Banken la i dag fram kvartalsrappotne for 1. kvartal 2018, som mellom annan viser at banken tener meir på utlånsverksemd. Rentemarginen, skilnaden på innlån- og utlånsrenta, auka trass stor konkurranse, skriv banken i kvartalsrapporten.
Banken har gått mellom anna ut av syndikatlån og redusert eigedomsporteføljen, og er no klar for ny vekst, seier administrerande direktør Stig Brautaset.
7-8 prosent auke
Banken skal ikkje berre blir større på lån til næringslivet, men vil også vekse på utlån til privatkundar - som utgjer hovudtyngda av utlånsmassen. Målet er ein veksttakt på 7-8 prosent auke i året, ein større vekst enn Brautaset ventar vil vere gjennomsnittsveksten på utlån til private.Banken la i dag fram kvartalsrappotne for 1. kvartal 2018, som mellom annan viser at banken tener meir på utlånsverksemd. Rentemarginen, skilnaden på innlån- og utlånsrenta, auka trass stor konkurranse, skriv banken i kvartalsrapporten.
Publisert: 15.05.2018 22:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22