- Denne tunnelen er altfor dårleg slik han er i dag. Om pengane vert brukte her, vil folk garantert ha stor forståing for det, seier Goksøyr.
Dagleg leiar Svein Nærø i Eiksundsambandet opplyste til NETT NO onsdag at bompengeselskapet vil sitje att med 10-12 millionar kroner når selskapet vert avvikla i løpet av året.
Arnulf Goksøyr ber no kommunane samle seg om Selvågtunnelen, som ligg like ved Eiksund-tunnelen på Ulstein-sida.
- Dette er ein umoderne og dårleg opplyst tunnel. Her er verken mobildekning eller radiodekning. Denne tunnelen må det gjerast noko med.
- Det er ein farleg tunnel. Det viser seg også no at folk får straum i seg om dei brukar naudstasjonane i tunnelen.
- Slik kan vi ikkje ha det, seier Goksøyr.
Det er planlagt at Selvågtunnelen skal gjennom ei mindre rehabilitering i 2018, medan ei fullstendig rehabilitering vil koste vel 60 millionar kroner.
Gjennom å øyremerke dei 10-12 ekstra bompengemillionane frå Eiksundsambandet, meiner Goksøyr at fylket må finne dei resterande midlane for å få tunnelen i god stand.
- Ja, dette vil verte forstått, spesielt fordi det er eit så unisont krav å få utbetra Selvågtunnelen frå næringslivet si side.
Han meiner det vil vere meiningslaust om dei ekstra bompengemillionane skal verte brukte andre stader i fylket.
- Du treng ikkje vere sunnmøring for å resonnere deg fram til at folk vil bruke desse pengane her dei er innsamla.
- Det er det verste som kan skje. I denne saka bør vi samle oss om å bruke pengane til eit større prosjekt i tilknytning til Eiksundsambandet.
- Etter mitt syn må det vere Selvågtunnelen, seier Goksøyr.
Dagleg leiar Svein Nærø i Eiksundsambandet opplyste til NETT NO onsdag at bompengeselskapet vil sitje att med 10-12 millionar kroner når selskapet vert avvikla i løpet av året.
Dårleg dekning
Desse overskytande pengane skal disponerast av Statens Vegvesen, men skal i utgangspunktet brukast på riksvegsamband i det området pengane er samla inn. Det vil seie i kommunane Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sande og Ørsta.Arnulf Goksøyr ber no kommunane samle seg om Selvågtunnelen, som ligg like ved Eiksund-tunnelen på Ulstein-sida.
- Dette er ein umoderne og dårleg opplyst tunnel. Her er verken mobildekning eller radiodekning. Denne tunnelen må det gjerast noko med.
- Farleg tunnel
Goksøyr viser til at tunnelen fekk strykkarakter etter eit branntilsyn som brannvesenet i Ulstein, Ørsta og Volda hadde i fjor.- Det er ein farleg tunnel. Det viser seg også no at folk får straum i seg om dei brukar naudstasjonane i tunnelen.
- Slik kan vi ikkje ha det, seier Goksøyr.
Det er planlagt at Selvågtunnelen skal gjennom ei mindre rehabilitering i 2018, medan ei fullstendig rehabilitering vil koste vel 60 millionar kroner.
Gjennom å øyremerke dei 10-12 ekstra bompengemillionane frå Eiksundsambandet, meiner Goksøyr at fylket må finne dei resterande midlane for å få tunnelen i god stand.
- Unisont krav
Han meiner at eit slikt tiltak vil verte forstått av trafikantane som brukar Eiksundsambandet og som har betalt dei 10-12 ekstra millionane i bompengar.- Ja, dette vil verte forstått, spesielt fordi det er eit så unisont krav å få utbetra Selvågtunnelen frå næringslivet si side.
Han meiner det vil vere meiningslaust om dei ekstra bompengemillionane skal verte brukte andre stader i fylket.
- Du treng ikkje vere sunnmøring for å resonnere deg fram til at folk vil bruke desse pengane her dei er innsamla.
- Må samlast om eitt prosjekt
Goksøyr åtvarar mot ein lokal kamp om bruk av midlane.- Det er det verste som kan skje. I denne saka bør vi samle oss om å bruke pengane til eit større prosjekt i tilknytning til Eiksundsambandet.
- Etter mitt syn må det vere Selvågtunnelen, seier Goksøyr.
Det er ein farleg tunnel
Publisert: 21.05.2015 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44