Reglane for innleige av arbeidskraft var mellom temaene då lokale politikartoppar nyleg besøkte bedrifter i Hareid i regi av NHO. For mange bedrifter er tilgang på tilstrekkeleg bemanning med rett kompetanse ei utfordring.
Både Hareid Group-sjef Olav Haug Vikebakk og Dimo-sjef Stian Garnes kom med likelydande bodskap om at reglane for innleige er krevjande å følgje – og gjer det vanskeleg å utføre oppdraga dei har i ordreboka.
– Kompleksiteten i innleigeregelverket med ulike begrensingar i adgang til innleige både frå produksjonsføretak og bemanningsføretak, gjer at vi brukar ekstremt mykje unødvendig tid og krefter for å følgje reglane, seier Vikebakk til Nett No.
Vanskeleg å planlegge bemanninga
Innleigeforbodet vart innført av regjeringa beståande av Ap og Sp i 2023. Den generelle tilgangen til innleige frå bemanningsføretak til arbeid av mellombels karakter vart då oppheva.
For den maritime industrien, der behovet for arbeidskraft kan svinge frå månad til månad, har reglane gitt store utfordringar.
Vikebakk fortel at det er svært utfordrande å vite eksakt kor mykje arbeidskraft dei treng framover.
Årsaka er at det ofte blir endringar i tidsplanen for store nybyggingsprosjekt, fordi det er ei lang rekke leverandørar involvert, som også er avhengig av å få alle delar levert til rett tid.
«Langt dyrare» med bemanningsføretak
Det gjer det risikabelt å tilsette eigne folk til å «ta toppane». Det er framleis lov å leige inn arbeidskraft frå bemanningsføretak til vikariat.
– Men det er langt dyrare, påpeiker Vikebakk.
Samtidig må Hareid Group levere tilbod med fastpris til sine oppdragsgivarar.
Meiner reglane verkar mot sin hensikt
Vikebakk forstår at hensikta med å skjerpe reglane er å beskytte norske arbeidsplassar.
Men han meiner konsekvensen i staden blir at arbeid over tid blir «out-sourca» til utanlandske konkurrentar – ofte med heilt andre arbeidsvilkår.
– Det å kunne vere fleksibel er vesentleg for å beskytte norske arbeidsplassar, seier han.
Ventar kraftig oppsving
Det neste året ventar Hareid Group kraftig auke i aktiviteten. Konsernet har sikra seg oppdrag på ein rekke nybygg ved lokal verft som Myklebust, Ulstein og Larsnes.
Vikebakk sine prognosar viser at den maritime verksemda deira skal utføre tre-fire gonger fleire arbeidstimar i vår og sommarmånadene neste år, samanlikna med i dag.
– Vi skal få det til, men det er ekstremt komplisert og lett å trå feil. Det vil bli utfordrende å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft, legg han til.
– Trur ikkje det er meint å ramme oss
Hos den maritime utstyrsleverandøren Dimo opplever dei mykje av dei same utfordringane.
– Tidlegare kunne vi leige inn 5 til 10 tilsette to-tre månader i året for å dekke det behovet i dei periodane vi hadde for mykje å gjere. Det kan vi ikkje lenger, seier dagleg leiar Stian Garnes.
SMB Norge er mellom dei som har peika på at dei nye reglane råkar små- og mellomstore bedrifter i distrikta spesielt hardt, ettersom dei ofte har avgrensa tilgang på kompetent arbeidskraft.
– Eg trur ikkje det er meint å ramme oss, men gjer det likevel. Difor er det viktig å sjå alle konsekvensane av nye reglar, legg Garnes til.
Tilsette ser ikkje verdien av å organisere seg
Det er opning i lovverket for å leige inn etter avtale med tillitsvalde for bedrifter som har tariffavtale med ei stor fagforeining.
Dimo-sjefen sitt problem er at dei tilsette ikkje er organisert – og påpeiker at han ikkje kan tvinge dei til det.
– Vi har gått ut til dei tilsette og oppmoda dei til å organisere seg, men dei meiner det er for dyrt i forhold til kva dei får tilbake, og ser ikkje verdien av det, seier Garnes.
Publisert: 02.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 01.09.2025 16:38






