Ove Thu Villa Seafood
MANGE MEDEIGARAR: Etter ein kapitalutviding i fjor, retta mot mindre investorar, har dagleg leiar og største aksjonær i Blue Resource Group over 100 medeigarar i selskapet. Foto: Blue Resource Group.
Nytt

Usikker på om han ville satsa på fabrikk i dag

Innstramminga i bemanningsreglane har gjort det vansklegare for Blue Resource Group å skaffe folk til filet-og pakkeanlegg.

16.06.2023

Blue Resource Group i Ålesund - som i vinter skifta namn frå Villa Seafood Group - driv med eksport og sal av fisk gjennom datterselskapet Villa Seafood, og foredling gjennom medeigarskap i laksefileteringbedrifta Arctic Filet i Troms og Filetfabrikken i Nittedal ved Oslo.

Dei driv og med oppdrett gjennom medeigarskap i Organic Sea Harvest Holding i Skottland.

I filetfabrikken, som nettopp er klar til produksjon, blir fersk oppdrettslaks filetert og pakka før den blir sendt vidare ut i verda.

Tidsforskjellen gjer at filetar laga om morgonen kan vere framme i New York om ettermiddagen etter å ha blitt sendt med fly frå Gardermoen.

Blue Resource Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt1155,8959,9
Driftsresultat29,010,6
Resultat før skatt19,612,0

I første omgang er planen å produsere med eitt skift, som utgjer 30 personar. Utvidar anlegget til to skift, betyr det at 50 personar vil arbeide der.

Vanskeleg å få tak i folk
Filetering av oppdrettsfisk er sesongarbeid, med meir å gjere i andre halvår enn første halvår.

No har dei nye reglane for innleige gjort det vanskelegare å få tak i folk. I staden for å samarbeide med bemanningsbyrå er hovudkravet at dei tilsette skal vere tilsett i bedrifta.

I så fall må folk seiast opp, eller permitterast i lågsesongen, fortel dagleg leiar og største aksjonær i Blue Resource Group, Ove Thu til NETT NO.

På toppen av strengare bemanningsreglar har grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa skapt uro og uvisse og auka formuesskatt gjort det dyrare å vere eigar.

I dag er han ikkje sikker på om han ville satsa på filetanlegg dersom han hadde visst kva som ville kome, seier Thu.

Over 100 eigarar
I fjor henta Blue Resource Group inn 25 millionar kroner i ei kapitalutviding som verdsette Ålesund-selskapet til 250 millionar kroner.

Kapitalinnhentinga vart gjort gjennom selskapet Dealflow. Den gjorde at Blue Resource Group fekk over 100 eigarar, og at Thu sin eigarandel vart redusert frå 53,3 til 48,5 prosent.

Publisert: 16.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 16.06.2023 01:32

Mer om