ULSTEIN CX103 expedition cruise ship Ulstein Design Solutions AS
CRUISE: Brunvoll-leveransar til det Ulstein-designa ekspedisjonsskipet. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions
Nytt

Brunvoll ser lysning innan cruise

Kontrakt nummer sju med Ulstein-designa ekspedisjonsskip. Er i diskusjon om nye cruisekontraktar.

29.03.2023

Brunvoll opplyser i ei pressemelding at selskapet har signert kontrakt med Ulstein Design & Solutions om levering av framdrifts- og manøvreringssystem til eit ekspedisjonscruisefartøy som er under bygging ved China Merchants Heavy Industry i Jiangsu.

Fartøyet skal leverast til portugisiske Ocean Discoverer.

Polare cruisereiser
Utstyrspakken frå Brunvoll består av CP-propellanlegg med girkasse, tunnelthrustar, ror, rorstyring, og kontrollsystem. Framdriftssystemet er eit dobbeltskrua diesel-elektrisk system drive av elektriske motorar. Baugpropellen er av regulerbar pitch-type, og rora er konvensjonelle heilspaderor.

Dette er Brunvolls sjuande kontrakt med Ulstein Design & Solutions i denne serien med ekspedisjonscruisefartøy. Skipet er sertifisert for polare cruisereiser med høg isklasse.

Av dei seks foregåande fartøya i serien er fem leverte, og eitt skal leverast i år. Brunstad opplyser at «Greg Mortimer» var det første fartøyet i serien og har blitt svært godt mottatt i cruisemarknaden.

Nye kontraktar på gang
Arnfinn Brautaset, salssjef i Brunvoll, opplyser i pressemeldinga at systemkonfigurasjonen er ideell for operasjonsprofilen til ekspedisjonscruisefartøy, då eit diesel-elektrisk CP-framdriftssystem er ei fleksibel og effektiv løysing for skip med et breidt og variert effektbehov under operasjon.

Brunvoll er en stor leverandør til cruisesegmentet og har i tillegg til denne kontrakta leveransar på gang av thrustersystem hos verft som Fincantieri, Chantiere de l’Atlantique og Meyer Werft.

Brunvoll opplyser at det er fleire lovande nye prosjekt i diskusjon innan cruise, prosjekt som omfattar både thrustarar og framdriftssystem.

Publisert: 29.03.2023 17:10

Sist oppdatert: 30.03.2023 02:37

Mer om