Utbyttemillionar til Brunvoll-eigarane
Etter 2019 blei det null i utbytte til dei 47 Brunvoll Holding-aksjonærane. Etterpå har det blitt rekordutbytte.
I årsrapporten for 2020 fortel Brunvoll Holding om eit tilleggsutbytte på 24,8 millionar kroner og eit like stort ordinært utbytte. I 2021-rapporten er tilleggsutbyttet 24,8 millionar og avsetninga til ordinært utbytte 43,2 millionar kroner.
Alt i alt er gått 118 millionar kroner frå selskapet til fordeling mellom aksjonærane dei to siste åra.
Konsernet lagar framdriftsystem, propellar, gir og thrustarar. Hovudkontor og hovudanlegg er i Molde. Selskapet har og datterselskap i Volda og har til saman 502 på lønningslista ved inngangen til 2022.
Brunvoll Holding er eigarselskapet i Brunvoll-konsernet i Molde, der aksjane no er fordelt på 47 eigarar. Dei er eigarar direkte eller gjennom investeringsselskap (sjå tabell).
Brørne Andreas og Anders Brunvoll starta Brunvoll Motorfabrikk i 1912 og fekk med seg ein tredje bror på eigarsida i 2018, Arthur Brunvoll. Selskapet har vore familieigd sidan starten og er det framleis.
Frå 2020 til 2021 over dobla konsernet lønsemda og fekk eit resultat før skatt på 12,1 prosent av driftsinntektene.
"Vi er meget godt fornøyde med de finansielle resultatene gjennom pandemien og ikke minst i 2021. Lønnsomheten i en konkurranseutsatt bransje er betydelig bedret, og vi befester stadig vår markedsposisjon", skriv konsernsjef Kåre Øyvind Vassdal i ei pressmelding om 2021-resultatet.
Vassdal ventar vekst i nybyggingsmarknaden utover i 2022 ifølgje pressemeldinga, men også kostnadsauke:
«Pandemieffekter, Russlands invasjon av Ukraina, geopolitisk usikkerhet og generelt utfordrende makroforhold preger verden og verdensøkonomien for tiden. Dette forventer vi vil vedvare gjennom 2022 og medfører en betydelig kostnadsøkning som følge av kraftig ubalanse mellom tilbud og etterspørsel etter innsatsfaktorer.", skriv Vassdal.
Spredd eigarskap
Aksjane i Brunvoll-konsernet er i
familien, men det er ingen dominerande eigarar, som det går fram av
tabellen under. Dei to største aksjonærane eig 8,33 prosent kvar.
Dei aller fleste har organisert eigarskapen gjennom eigne investeringsselskap, som har frå ein til tre eigarar.
I nokre investeringsselskap er makta samla hos A-aksjonærar, medan andre ikkje operer med aksjeklassar.
Tilknytninga til Molde er framleis sterk, men over halvparten av aksjonærane har i dag bustaddresse utanfor regionen.
Brunvoll Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1266 | 1263 |
Driftsresultat | 158 | 77 |
Resultat før skatt | 153 | 67 |
Brunvoll Holding-aksjonærane | ||||||
Brunvoll-aksjonær | Eigarandel | Aksjonærar | Eigarandel | Aksjeklasse | Fødd | Bustad |
Tone B Invest | 8,333 % | Tone Brunvoll | 77,222 % | B | 1965 | Molde |
Yngve Larsson | 16,667 % | B | 1063 | Molde | ||
Tone Brunvoll | 5,556 % | A | 1965 | Molde | ||
Jonas Brunvoll Larsson | 0,056 % | B | 1977 | Trondheim | ||
Bitscom | 8,333 % | Arnljot Brunvoll | 100 % | 1944 | Molde | |
Brunvoll Invest | 6,944 % | André Brunvoll | 33,333 % | B | 1985 | Kolbotn |
Sonja H Brunvoll | 33,333 % | B | 1981 | Kolbotn | ||
Arthur Inge Brunvoll | 26,667 % | B | 1953 | Kolbotn | ||
Arthur Inge Brunvoll | 6,667 % | A | 1953 | Kolbotn | ||
Ema Holding | 6,481 % | Aud Peggy Brunvoll | 35,714 % | B | 1956 | Molde |
Marit Brunvoll Gjendem | 28,571 % | B | 1988 | Trondheim | ||
Erling Myklebust Brunvoll | 28,571 % | B | 1985 | Molde | ||
Aud Peggy Brunvoll | 7,143 % | A | 1956 | Molde | ||
O-Hoi | 6,481 % | Kristin Brunvoll Farstad | 8,571 % | A | 1967 | Stabekk |
Kristin Brunvoll Farstad | 30 % | B | 1967 | Stabekk | ||
Frederik Andreas Farstad | 0,714 % | A | Stabekk | |||
Frederik Andreas Farstad | 30% | B | Stabekk | |||
Hanna Olise B Farsta | 30 % | B | 1999 | Stabekk | ||
Hanna Olise B Farsta | 71,4% | A | 1999 | Stabekk | ||
BBM Holding | 5,556 % | Sven Erik Brunvoll | 58,333 % | B | 1962 | Oslo |
Sven Erik Brunvoll | 3,333 % | A | 1962 | Oslo | ||
Kristina Berger Brunvoll | 19,167 % | B | Oslo | |||
Anders Berger Brunvoll | 19,167 % | B | Oslo | |||
Ek Brunvoll Invest | 4,491 % | Jan Kevin Brunvoll | 52,577 % | 1968 | Ski | |
Erlend Ek Brunvoll | 23,711 % | Ski | ||||
Tonje Ek Brunvoll | 23,711 % | 1967 | Ski | |||
Dagb | 4,167 % | Dag Brunvoll | 100 % | 1948 | Molde | |
Erik Arthur Holding | 3,796 % | Erik Arthur Brunvoll | 97,561 % | 1948 | Sandvika | |
Jorunn Brunvoll | 2,349 % | 1963 | Sandvika | |||
Sagstua Holding | 3,796 % | Bård Stener Brunvoll | 97,561 % | 1964 | Molde | |
Anders Stener Brunvoll | 1,22 % | 2000 | Molde | |||
Sofie Friis Brunvoll | 1,22 % | 1967 | Molde | |||
Hildegunn Brun-Lyth* | 3,796 % | |||||
Them Holding | 3,796 % | Trond Brunvoll | 97,561 % | 1954 | Nyborg | |
Henrik Heggdal Brunvoll | 2,439 % | 1978 | Flaktveit | |||
Ann-Karin Brunvoll Stires* | 3,704 % | Molde | ||||
Espen Brunvoll* | 3,333 % | 1981 | Molde | |||
HBR Invest | 3,333 % | 100 % | 1977 | Oslo | ||
Marmor Invest | 3,148 % | Johanne Oline S.Brunvoll | 100 % | 1945 | Oslo | |
Sibru Invest | 2,778 % | Signe Ingeborg Brunvoll | 100 % | 1951 | Molde | |
Geir Invest | 2,593 % | Therese S Brunvoll-Cochet | 100 % | 1977 | ||
Milliway Invest | 2,593 % | Andreas S.T. Brunvoll | 50 % | 1973 | Hosle | |
Ane Torvanger Brunvoll | 50 % | 1972 | Hosle | |||
Bergfjord Brunvoll | 1,852 % | Karl Andrew Brunvoll | 100 % | 1960 | Molde | |
Bjørg Brunvoll* | 1,667 % | 1952 | Molde | |||
Kamillion | 1,389 % | Kamilla Brunvoll | 100 % | 1979 | Molde | |
Ingvest Holding | 1,389 % | Ingve Brunvoll | 100 % | 1975 | Oslo | |
Olivia Capital | 138,9 % | Ola Brunvoll | 100 % | 1973 | Mandal | |
Benek Invest | 1,065 % | Bendik Ek Brunvoll | 100 % | 1994 | Oslo | |
Andreas Brunvoll | 0,926 % | Andreas Brunvoll | 100 % | Molde | ||
Synne Brunvoll | 0,926 % | Synne Margrethe Brunvoll | 100 % | 1994 | Molde | |
Marte Brunvoll | 0,926 % | Marte Elise Kammersgard | 100 % | 1991 | ||
Frida Brunvoll | 0,926 % | Frida Johanne Brunvoll | 100 % | 1993 | Oslo | |
Sara Ann Stires* | 0,093 % | |||||
*Aksjar som er direkte personleg eigd | ||||||
Kjelde. Årsreknskap/Proff.no |
Publisert: 11.05.2022 05:00
Sist oppdatert: 11.05.2022 00:33