I førre veke fekk Brødrene Aa forlenga fristen for andre gang for å finne ei løysing på krisa som oppsto då ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled første kansellerte kontrakten på ein hurtigbåt og seinare to andre i den same kontrakten.
Grunngjevinga for kanselleringa var forseinkingar og manglande fart i høve til energiforbruket.
Kontrakten på tilsaman 420 millionar kroner frå 2023 er den største verftet har inngått, men har no blitt ei økonomisk hovudpine.
Ny frist
Den førebels siste fristen for å finne ei løysing går ut i morgon, fredag 23. mai.
Styreleiar Gustav Johan Nydal i Brødrene Aa seier til NettNo at det er sannsynleg at hurtigbåtverftet i Hyen får forlenga fristen, og at sjansen for ei løysing har auka.
– Vi er optimistar og trur vi skal kome vidare seier Nydal.
Vil selje båtane
Brødrene Aa arbeider for å får seld dei tre båtane, og har ein avtale med Fjord1, hurtigbåtreiarlaget Rødne og Sparebanken Sogn og Fjordane som finansiere drift inntil ei løysing er funnen.
Torsdag 8. mai sa Nydal at verftet hadde fleire interssentar til båtane, men seier at eit sal ikkje er i boks per i dag.
Båtane skulle opphalvleg gå på batteri som kunne skiftast ut undervegs. Ved eit sal blir løysinga batteri som kan ladast frå land, eller av dieselmotoren ombord, og båtane blir såkalla hybridbåtar som dels går på straum og dels på diesel, ifølgje Nydal.
Publisert: 22.05.2025 08:43
Sist oppdatert: 22.05.2025 09:04





