Broennbaatar i vinden
AKTIVITET: Verftsdirektør Jarle Gunnarstein og dei andre tilsette ved Larsnes Mek. Verksted har stor pågang på oppdrag. Bak den kombinerte snurparen/trålaren "Straumberg" som nyleg vart overlevert frå Sande-verftet. 
Nytt

Brønnbåtar i vinden

Larsnes Mek. Verksted har ein brønnbåt til ombygging og ein ny til levering neste haust. Verftsdirektør Jarle Gunnarstein melder om stor aktivitet i brønnbåtmarknaden.

19.12.2013
- Ja, vi reknar også på andre prosjekt. Det er tydeleg at høg laksepris og god inntening har ført til at fleire aktørar ønskjer seg inn i brønnbåtmarknaden.

Nytt brønnbåtselskap

NETT NO kjenner til at eit nytt lokalt brønnbåtselskap er under etablering, der det er planar om bygging av fire nye brønnbåtar, to i 2015 og to i 2016.
I tillegg har både Sølvtrans og Rostein, to av dagens store brønnbåtaktørar planar om fleire nye båtar, og Sølvtrans har signalisert at det kan verte
transport, og Rolls-Royce Marine har tidlegare opplyst at selskapet skal levere design og utstyr til ein ny brønnbåt for .

Nye oppdrag

Larsnes Mek. Verksted i Sande har tidlegare levert brønnbåtar til Rostein-reiarlaget, og er godt posisjonerte for nye oppdrag.
- Ja, dette er noko vi absolutt satsar på, seier Gunnarstein.
I ordreboka har selskapet brønnbåten «Ro Arctic» til Rostein-reiarlaget, ein brønnbåt på 75,5 meter lengde, 15,5 meter breidde og ein båt som kan ta 470 tonn med laks og 130 tonn med smolt.
Skroget skal byggast ved Gdansk-verftet Marine Project, og båten skal vere ferdig utrusta ved Larsnes Mek. til september 2014.

Chile-brønnbåt

Men før det skal verftet byggje om Bømlo-båten «Øytind» til ein moderne brønnbåt. Båten skal ta oppdrag i Chile, og bak satsinga står det chilenske selskapet Navira Orca Chile med både chilenske og norske eigarinteresser.
Ombygginga er omfattande, og arbeidet startar rett etter nyttår.

Kombibåt til Helgeland

Verftet overleverte nyleg den kombinerte snurparen/trålaren «Straumberg» til Straumberg-reiarlaget i Leirfjord i Helgeland. Båten er teikna av Skipskompetanse i Måløy og er 46,5 meter lang, 12,0 meter brei og har ein lastekapsitet på 650 tonn.
- Det er bra aktivitet også når det gjeld ombygging og reparasjon av fiskebåtar, seier Gunnarstein.

Uheldig konkurransevridning

Han opplyser at verftet ofte må konkurrere om oppdraga med tyrkiske verft. Han meiner at det er konkurransevridning til gunst for utanlandske verft når norske reiarar får gunstig norsk finansiering om ein byggjer i utlandet, men ikkje får det om ein byggjer i Norge.
- For oss er det ei utfordring at norske fiskebåtreiarar ikkje får eksportfinansiering på nybygg leverte frå norske verft, når ein tenkjer på kor viktig fiskeeksporten er for Norge.
- Etter mitt syn er dette ei konkurransevridning som skader norske interesser, seier Gunnarstein.

God aktivitet

Ved verftet er det i dag 52 tilsette, i tillegg til eit trettitals innleigde.
- Siste fire-frem åra har det vore jamt god aktivitet, spesielt ettersom vi både tek reperasjonar, større ombyggingar og nybyggingsoppdrag.
- Men vi ser med uro på finansieringssituasjonen for dei som er våre potensielle kundar, seier Gunnarstein.
Etter mitt syn er dette ei konkurransevridning som skader norske interesser

Publisert: 19.12.2013 06:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30