Byggeplanar for fire milliardar
<strong>MILLIARDSATSING: </strong>Når Jan Petter Larsen (til venstre) og Nils Eirik Wenaas i Wenaas Kapital,  og Oddgeir Svinø og Per Waagan (til høgre) i Skodje Næringspark har fått ferdig utbygginga av Digernesskiftet vil det vere investert rundt fire milliardar kroner ved vegkrysset.
Nytt

Byggeplanar for fire milliardar

- Digernesskiftet blir det nye store på Sunnmøre.

22.11.2013
Per Waagan ser utover knausar og furuskog ved Digernesskiftet ved E39/E136 i Skodje kommune, 15 km aust for Moa i Ålesund, ved avkøyringa mot Vatne, Tresfjord og Brattvåg.
, møbelbutikkane i Breivika og bilforretningane ved Spjelkavik er eit snaut kvarter unna. Der er det trangt. Her er det rikeleg med plass.
Den tidlegare lastebilsjefen og hans partnarar (sjå faktaboks) vil sprenge ut og planere 200 mål tomt. Når Waagan står på tomta si og snur seg austover mot Skodje og Ørskogfjellet ser han den digre tomta Wenaas Kapital og partnarane (faktaboks) er i ferd med å fullføre. Her går dumperane i skytteltrafikk og knusemaskiner kverner fjell til pukk og grus.
Nye vegsamband og nye veganlegg opnar sjansen for nye handels- og transportknutepunkt. Eiksundsambandet og Kvivsvegen har auka interessa for Furene midt mellom Ørsta og Volda. På vestsida av Eiksundtunnelen har Myrvåg-området i Herøy blitt meir attraktivt.
Men ingen stadar er aktiviteten like høg som på Digernesskiftet.

Investerer fire milliardar

Ny Remabutikk er under bygging. Maxbo opna i vå, og anlegget som sette fart på Digernesutbygginga – Postens distribusjonssentral for Møre og Romsdal og Nordfjord – Opna sommaren 2012.
Wenaas Kapital vann konkurransen om å få bygge distribusjonssentral, etter at Posten kom til at det blei for trangt og smått i Breivika ved Moa.
- Det var det som var forløysande for oss, seier Nils Eirik Wenaas i Wenaas Kapital.
- For fem år sidan, då vi sto på eit fjell og peika på staden for Posten Norge, trudde folk vi var galne. Men det er vel ingen som ikkje har tru på Digerneset no, seier dagleg leiar Jan Petter Larsen i Wenaas Kapital.
Waagan er ikkje i tvil om han investerer pengane på rette staden:
- I Ålesund er det ikkje plass til å bygge meir. Så kjem Møre-aksen. Det som vi veit er at det blir mindre enn ein time å køyre frå Ålesund til Molde, og Digernesskiftet ligg midt i mellom.
Nils Eirik Wenaas anslår at det på Wenaas Kapital sitt område (Digerneset Næringspark) blir investert for rundt 2,5 milliardar kroner innan området er ferdig utbygd.
Då er planering, bygg, vegar og annan infrastruktur rekna med.
Gjer vi Wenaas sitt reknestykke gjeldande for området til Waagan/Svinø (Skodje Næringspark), kjem investeringane ved Digerneskrysset opp i rundt fire milliardar kroner.

Stor lokal marknad

Valresultatet kan sette ekstra fart på etableringane på Digernesskiftet fordi både Høgre og Framstegspartiet har varsla at dei helst vi ha bort reglane som hindra fri etableringa utanfor tettstadar og etablerte kjøpesenterområdet.
Slik Wenaas Kapital vil ha det , blir handelsbedriftene liggande ut mot vegane, synlege for alle potensielle kundar som susar forbi, medan distribusjon-, lett industri og anleggsbedrifter okkuperer tomtene lenger bak på området.
Nye reglar for kvar handelen får etablere seg gjer det lettare å nå målet. Og utbyggjaren treng ikkje dra langt for å finne kundegrunnlag.
I følgje Jan Petter Larsen skaper den venta veksten i folketalet berre i Skodje fram til 2020 åleine grunnlag for 20.000 kvadratmeter ekstra daglegvare-butikkareal.
Dessutane er det ein stor handeleslekkasje i området. To av tre skodjeværingar handlar maten sin utanfor kommunen.
Både han og dei andre investorane er overtydde om at Digernesskiftet skal bli vellukkka, uansett.
Men det er ein faktor som truleg kan garantere at vegkrysset blir ein publikumsmagnet raskt.

Drøymer om Ikea

I 10 år pendla Tore Rødal forbi Digernesskiftet i jobben. Gradvis vaks ideen om at dette var staden å satse.
Etter at han selde UFO Pukkverk i 2001 gjekk han saman med kompanjongen Hans Olav Drabløs – som var på jakt etter ein plass til ein storbilverkstad - og kjøpte 400 mål ved Digernesskiftet.
Etter kvart at Rødal berre blitt sikrare og sikrare på at Digernesskiftet blir det sentrale knutepunktet for heile fylket.
Både nord-sør og aust-vest- trafikken må forbi her.
- Korleis ser det ut om to år?
- Då har vi vel Ikea i front der, seier Rødal.
Kvar publikumsmagneten Ikea hamnar heng framleis som eit ubesvart spørsmål for utviklarane av både Moa og Digernesskiftet, sjølv om Ikea er klar på kva som er første prioritet.
- Vi ønskjer å etablere oss på Moa og er i dialog med kommunen om ei tomt, seier Ikeas talsmann, Kristian Willanger. Kva som skjer ved eit eventuelt nei til sal til Ikea ber Willanger om å få kome tilbake til når saka er avklart..
Men Ikea har bedt om ei betinga kjøpskontrakt, og spaden blir ikkje sett i jorda sjølv om bystyret skulle seie ja til sal i løpet av hausten. Ein Ikea-butikk skaper mykje trafikk, og då kjem også andre styremakter enn kommunen inn i biletet.
- Ikkje minst vegmessig er det knytta nokre utfordingar til ei etablering, seier Hanken.
- Det må jo vere mykje fornuftigare for Ikea å etablere seg her enn å presse seg opp i ein krok bak kyrkja på Moa, seier Per Waagan.
Sjølv om Ikea seier selskapet helst vil til Moa, er Waagan klar over at endeleg avgjerd ikkje er teken.
- Det er klart at vi ikkje legg vi oss til å sove no, seier han.
I Ålesund er det ikkje plass til å bygge meir

Publisert: 22.11.2013 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30