Det er Effektive Boligprodusenter som sel.
Salet er slutten på ein lang prosess etter at deler av konsernet fekk vanskar i fjor. Underveg har også datterselskapet Ørsta Trelast gjennomført ei frilvillig gjeldssanering.
- Det har vore eit langt løp, seier styreleiar og medeigar Terje Græsdal i Effektive Boligprodusenter.
Prisen er ikkje opplyst, men Græsdal seier Effektive Boligprodusenter-konsernet langt på veg er gjeldfritt etter transaksjonen.
Dei tilsette blei orientert om transaksjonen i dag tidleg. 8-10 personer blir med over i til Bygger´n.
Til saman er det rundt 30 tilsette i konsernet etter salet.
På Sunnmøre vil verksemda bestå i bygge for privatpersonar som har eiga tomt, eller utvikle og selje bustadar i bustadfelt. Ordrereserven for Enerbygg Bolig er den største på fleire år, i følgje selskapet.
I følge ei pressemelding frå E.A. Smith er poenget med kjøpet både å får eit sterkare fotfeste på Nordvestlandet for Bygger´n-kjeda, og få hand om ein eigen elementproduksjon.
Som ein del av avtalen har E.A. Smith og Effektive Boligprodusenter inngått ein langsiktig samarbeidsavtale.
Salet er slutten på ein lang prosess etter at deler av konsernet fekk vanskar i fjor. Underveg har også datterselskapet Ørsta Trelast gjennomført ei frilvillig gjeldssanering.
- Det har vore eit langt løp, seier styreleiar og medeigar Terje Græsdal i Effektive Boligprodusenter.
Deler opp
Effektive Boligprodusenter sel ut Ørsta Trelast og elementproduksjonsverksemda i datterselskapet Huselementer. Samstundes kjøper E.A. Smith også bygningsmassen på Rystelandet i Ørsta.Prisen er ikkje opplyst, men Græsdal seier Effektive Boligprodusenter-konsernet langt på veg er gjeldfritt etter transaksjonen.
Dei tilsette blei orientert om transaksjonen i dag tidleg. 8-10 personer blir med over i til Bygger´n.
Driv vidare
Etter salet består Effektive Boligprodusenter av Enerbygg Bolig, tømrarverksemda i Huselementer og elementprodusenten og bustadforhandlaren Vestkystbygg i Øygarden.Til saman er det rundt 30 tilsette i konsernet etter salet.
På Sunnmøre vil verksemda bestå i bygge for privatpersonar som har eiga tomt, eller utvikle og selje bustadar i bustadfelt. Ordrereserven for Enerbygg Bolig er den største på fleire år, i følgje selskapet.
Samarbeid
Salet skal formelt skje etter ei periode der E.A. Smith har fått fullt innsyn,I følge ei pressemelding frå E.A. Smith er poenget med kjøpet både å får eit sterkare fotfeste på Nordvestlandet for Bygger´n-kjeda, og få hand om ein eigen elementproduksjon.
Som ein del av avtalen har E.A. Smith og Effektive Boligprodusenter inngått ein langsiktig samarbeidsavtale.
Publisert: 29.05.2018 14:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06