Bygger n til O Ersta
SELGER: Styreleder Terje Græsdal i Effektive Boligprodusenter har solgt ut deler av konsernet.
Nytt

Bygger`n til Ørsta

Bygger´n-eier E.A. Smith kjøper Ørsta Trelast og huselementfabrikken i Ørsta.

29.05.2018
Det er Effektive Boligprodusenter som sel.
Salet er slutten på ein lang prosess etter at deler av konsernet fekk vanskar i fjor. Underveg har også datterselskapet Ørsta Trelast gjennomført ei frilvillig gjeldssanering.
- Det har vore eit langt løp, seier styreleiar og medeigar Terje Græsdal i Effektive Boligprodusenter.

Deler opp

Effektive Boligprodusenter sel ut Ørsta Trelast og elementproduksjonsverksemda i datterselskapet Huselementer. Samstundes kjøper E.A. Smith også bygningsmassen på Rystelandet i Ørsta.
Prisen er ikkje opplyst, men Græsdal seier Effektive Boligprodusenter-konsernet langt på veg er gjeldfritt etter transaksjonen.
Dei tilsette blei orientert om transaksjonen i dag tidleg. 8-10 personer blir med over i til Bygger´n.

Driv vidare

Etter salet består Effektive Boligprodusenter av Enerbygg Bolig, tømrarverksemda i Huselementer og elementprodusenten og bustadforhandlaren Vestkystbygg i Øygarden.
Til saman er det rundt 30 tilsette i konsernet etter salet.
På Sunnmøre vil verksemda bestå i bygge for privatpersonar som har eiga tomt, eller utvikle og selje bustadar i bustadfelt. Ordrereserven for Enerbygg Bolig er den største på fleire år, i følgje selskapet.

Samarbeid

Salet skal formelt skje etter ei periode der E.A. Smith har fått fullt innsyn,
I følge ei pressemelding frå E.A. Smith er poenget med kjøpet både å får eit sterkare fotfeste på Nordvestlandet for Bygger´n-kjeda, og få hand om ein eigen elementproduksjon.
Som ein del av avtalen har E.A. Smith og Effektive Boligprodusenter inngått ein langsiktig samarbeidsavtale.

Publisert: 29.05.2018 14:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06