Byggjer ut på Terøya
SATSAR PÅ TERØYA: Kjem ei industribedrift med store utbyggingsplanar vil Leif Kjetil Gjendemsjø i Pharma Marine ha tomta klar. Planerer fleire hundre mål på Terøya ved Søvika i Haram. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Byggjer ut på Terøya

På Terøya i Haram vil Leif Kjetil Gjendemsjø byggje ut eitt av dei største industriområda på Sunnmøre.

26.06.2020
Det er snakk om eit område på fleire hundre mål, seier Pharma Marine-sjef Leif Kjetil Gjendemsjø.
Han etablerte sjølv fabrikken til omega 3-bedrifta Pharma Marine på Terøya, like ved Søvika i Haram i 2006, og kjøpte samstundes store deler av øya.
Der har kommunen regulert eit område til industriformål. og eit anna til bustadar. Gjendemsjø er allereie i gang med å få planert området som er regulert. Men no arbeider kommunen med ein nye plan, som vil utvide industriområdet.
Skjer det vil Gjendemsjø sprenge ut og planere også det området. Får han det som han vil blir industriområdet enda større, samstundes som det og blir opnar for fleire bustadar.

Viktig å vere klar

- No har eg vore med på å etablere fleire fabrikkar og det som har vore utfordrande er å ha klar plass, seier Gjendemsjø. Han er i dag med på konferansen Sunnmøre Regionråd, Haram Nærings og Innovasjonsforum og konferansefestivalen The North West arrangerer ombord på båten "MS Bruvik".
Gjendemsjø seier behovet for store areal kan kome brått på, og då er det avgjerande å ha arealet klart. Om ikkje blir investeringa heller gjort andre stadar.
Pr. i dag har han ingen interessentar på hand for å bygge på industriområdet, men så seint som like før oljeprisfallet var han i kontakt med ein aktør som var på jakt etter 50-70 mål, og ville han det kjapt.

Blir asfalt

Planeringa av industriområdet på Terøy blir finansiert gjennom ein byttehandel.
- Steinen frå Terøy er eigna til å lage asfalt av, seier Gjendemsjø.
Firmaet som sprenger og og planerer får steinen, Gjendemsjø får eit ferdig opparbeidd område.

Publisert: 26.06.2020 11:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33