Arctic pearl daap foto marius
TILBAKE TIL OLJEBRANSJEN: Arctic Pearl var opphavleg eit offshoreskip som blei bygd om til fiske. No skal det bli seismikkskip. Biletet er frå dåpen etter ombygginga hos Fiskerstrand Verft i 2022. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Byttar skip med seismikkselskap

Ava Ocean sel Arctic Pearl og kjøper tidlegare reketrålar.

03.09.2024

Westcon Group-selskapet Maritime Management i Ålesund og haneskjel-fiskeriselskapet Ava Ocean har inngått ein avtale om skipsbytte, skriv Sunnmørsposten.

Maritime Management overtek Arctic Pearl frå Ava Ocean, medan Ava Ocean overtek Artemis Arctic frå Maritime Management - pluss eit ukjent beløp.

Arctic Pearl var opphavleg eit offshorefartøy som blei bygd om for fiske etter haneskjel. Artemis Arctic var opphavleg ein reketrålar som Maritime Management tok i bruk som seismikkfartøy.

Dagleg leiar Øystein Tvedt i Ava Ocean seier til Sunnmørsposten at selskapet kan optimalisere kostnadane i fisket ved å ta med fangstreiskapen over på eit meir tradisjonelt fiskebåtskrog.

Prisvinnar på Nor-Fishing
Under Nor-Fishing-messa i Trondheim i august fekk Ava Ocean innovasjonsprisen for fangsteknologien sin.

No blir fangstutstyret flytta over på den nye fartøyet, medan det skal byggast ny fabrikk. Målet er å vere i fiske igjen neste år.

Tøff start i fjor
2023 var første heile driftsåret for Ava Ocean.

Inntektene auka til 107 millionar kroner, og av dei var 17 millionar kroner offentlege tilskot. Underskotet auka også, til 40,3 millionar kroner (sjå tabell under).

Dagleg leiar Øystein Tvedt skreiv i ei tekstmelding då 2023-tala var klare, at selskapet var godt fornøgd med fangsten og fangstkapasiteten.

Samstundes pådro selskapet seg store oppstartskostnadar, som ein må rekne med når ein driv nybrottsarbeid midt i Barentshavet, skreiv han.

Ava Ocean As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt107,114,9
Driftsresultat-23,4-8,6
Resultat før skatt-40,3-8,8

Fire skip i flåten
Medrekna Artemis Arctic har Maritime Management fire skip i flåten.

Selskapet er leia av Sigurd Rekkedal. Eigar er Westcon Geo, som er eit underkonsern i Westcon Group.

Maritim Management As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt26,428,8
Driftsresultat0,60,8
Resultat før skatt0,60,8
Westcon Geo as (konsern)

Tal i mill. kroner

20232022
Driftsinntekt438,8477,7
Driftsresultat-23,020,4
Resultat før skatt-29,2

18,9

Publisert: 03.09.2024 07:19

Sist oppdatert: 03.09.2024 11:46

Mer om