Grand Canyon II og III
EINEEIGAR: Havila Holding blir eineeigar i Volstad Maritime, som mellom anna eig konstruksjonskipa Grand Canyon II og III.
Nytt

Børsdag: Rakettoppgang for Havila-kursen

Havila Shipping-aksjen opp over 60 prosent.

10.04.2024

Meldinga om at Havila Holding kjøper ut Ola Volstad og blir eineeigar i offshorereiarlaget Volstad Maritime gjorde at aksjane i det børsnoterte offshorereiarlaget Havila Shipping på det høgaste blei handla til meir enn 60 prosent over kursen ved børsslutt i går.

Då børsen stengte i går var kursen til Havila Shipping 5,45 kroner aksjen. Klokka 13:01 var den 8,73 kroner aksjen. Då børsen stengte var kursen 7,89 kroner aksjen, opp 44,77 prosent sidan i går.

Havila Holding er også majoritetseigar i børsnoterte Havila Shipping med ein aksjepost på 50,961 prosent.

Kjøpe seg inn i prosessen
Etter det Nett No erfarer har aksjane til Ola Volstad vore til sals ein periode, der det til slutt enda med at medeigaren Havila Holding kjøpte han ut.

Å kjøpe seg inn i Havila Shipping er ein måte å kome seg inn på eigarsida i eit eventuelt samanslått selskap av Havila Shipping og Volstad Maritime. Det kan vere forklaringa på den kraftige kursauken.

Havila Shipping får først full handlefridom når dagens finansiering er erstatta med ei ny. Det skjer først ved årsskiftet, men vurderingane om korleis Havila Holding skal handterer å vere eineeigar i eitt offshorereiarlag og majoritetseigar i eitt anna kan vere unnagjort i godt tid før det.

Eitt alternativ er å samle dei to offshorereiarlaga i eitt selskap.

Eit anna er å eindyrke Volstad Maritime som eit reiarlag som driv med konstruksjonsskip medan Havila Shipping blir eit reindyrka forsyningsskip-reiarlag. (Havila Shipping har tre konstruksjonsskip i dag.)

Spørsmålet er og om Havila Holding sitt medeigarskap i offshorereiarlaget Skansi på Færøyane skal vere ein del av eventuelle endringar. Skansi har ein fem forsyningsskip.

Liten andel
Dei som kjøper seg inn i Havila Shipping får uansett berre ein liten andel i prosessen fordi refinansieringa av Havila Shipping mellom anna inneber at långivarar gjer om gjeld til aksjar og Havila Holding gjer om eit aksjonærlån på 100 millionar kroner til aksjar.

Per i dag vil det gi bankane ein eigarandel på 35 prosent og obligasjonslångivarane ein eigarandel på 12 prosent i offshorereiarlaget. Samstundes opprettheld Havila Holding sin eigarandel, ifølgje kvartalsrapporten for 4. kvartal 2023. Dei øvrige eigarane vil sitte att med ein eigarandel på knappe to prosent etter gjeldskonverteringa.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen stengte i dag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 7,89 44,77 %
Atlantic Sapphire 0,91 8,57 %
Havila Kystruten 0,77 4,21 %
Hofseth Biocare 2,15 3,37 %
Salmon Evolution 7,00 1,45 %
Romsdal Sparebank 108,96 0,87 %
Norva 24 Group* 26,20 0,19 %
Sparebanken Møre 84,26 0,15 %
Arctic Bioscience 10,10 0,00 %
Hexagon Composites 18,84 -1,26 %
Hav Group 9,20 -1,71 %
Golden Energy Offshore Services 1,64 -1,80 %
Endúr 49,00 -2,97 %
Hexagon Purus 6,46 -6,51 %
* Kurs i SEK

Publisert: 10.04.2024 14:46

Sist oppdatert: 10.04.2024 16:55