Njål Sævik
OPPKJØP: Njål Sævik og familien har kjøpt resten av aksjane i Volstad Maritime, via selskapet Sæviking. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Det ser bra ut framover

Njål Sævik er optimist på vegner av offshoreflåten - og etterspurnaden frå vindkraftmarknaden er aukande.

Marius Rosbach
10.04.2024

Onsdag blei det kjent at Havila Holding tek over resten av aksjane i Volstad Maritime.

Herøy-selskapet har til no eigd 52,5 prosent, og resten var eigd av Ola Volstad sitt selskap, Ola Volstad Holding.

Njål Sævik er styremedlem i Sæviking – som oppkjøpet skjer gjennom - dagleg leiar i Havila Shipping og styreleiar i Havila Holding.

– Det ser bra ut framover, seier Sævik til Nett No.

Sævik-familien har i løpet av det siste året selt sin halvpart av Fjord1-reiarlaget og aksjane i flyselskapet Widerøe. Det har gitt musklar til nye investeringar.

Les bakgrunn:

Følgjer med i marknaden
Sævik fortel at dei alltid følgjer med i marknaden for eventuelt fleire kjøp.

– Men no har vi gjort dette, som er ei ganske stor investering, og det er ikkje mykje tonnasje til sals for augneblinken, seier han.

Kjøpet blir truleg blir gjennomført i løpet av dagen. Partane vil ikkje opplyse kjøpesummen.

Havila Holding er eigd av søskena Njål, Hege og Vegard Sævik og deira far Per Sævik.

– Vi er godt dekt opp
Njål Sævik meiner utsiktene ser bra ut både for alle segmenta innan oljeservice. Samtidig er etterspurnaden aukande frå vindkraftmarknaden.

– Sjølv om det nyleg er kontrahert tre nye båtar, så trur vi ikkje det blir noko flaum av nybygg, grunna prisnivået og utfordringar med å få finansiering. Alt tyder difor på at den eksisterande tonnasjen i marknaden vil handtere dette, seier han.

– For Volstad sin del er alle skipa uansett på lengre kontraktar, så vi er godt dekt opp, legg Sævik til.

Skal halde fram kvar for seg - per no
Volstad Maritime har til saman seks skip, medan Havila Shipping driv 14 fartøy, der åtte av skipa er heil- eller deileigde.

Sævik fortel at reiarlaga i utgangspunktet skal halde fram som sjølvstendige selskap.

– Vi ser på synergiar når det gjeld innkjøp og slikt, men Havila Shipping har ikkje lov å gjere eit slik grep som følgje av finansieringsavtalen vi har. Så får vi sjå kva som skjer på sikt, seier han.

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Publisert: 10.04.2024 11:00

Sist oppdatert: 10.04.2024 20:54

Mer om