Njaal saevik
EINEEIGAR: Havila-eigar Njål Sævik kjenner Volstad Maritime svært godt som styremedlem i selskapet. No blir Sævik-familien eineeigar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Havila tek over heile Volstad Maritime

Sævik-familien blir eineeigar i Ålesund-reiarlaget

Etter å ha vore majoritetseigar ein periode i Volstad Maritime, tek Havila Holding over heile selskapet, ifølgje ei pressemelding.

Kjøpet blir gjort gjennom Havila Holding sitt datterselskapet Sæviking.

Sæviking eigde frå før 52,5 prosent av aksjane i Volstad Maritime. Resten var eigd av Ola Volstad sitt selskap, Ola Volstad Holding.

Partane opplyser ikkje kjøpesummen.

Havila Holding er også majoritetseigar i offshorreiarlaget Havila Shipping.

Over 500 tilsette
Njål Sævik er styremedlem i Sæviking, dagleg leiar i Havila Shipping og styreleiar i Havila Holding. Havila Holding er eigd av søskena Njål, Hege og Vegard Sævik og deira far Per Sævik.

- Volstad Maritime har ein av dei mest moderne subsea-flåtane i verda, det er ein miljøvenleg flåte og dei siste fem åra har 40 prosent av aktiviteten deira vore mot offshore vind. Dette er ein interessant flåte med ein god ordrereserve innan ein marknad vi har tru på og er også ein flåte som vil utfylle og styrke Havila som maritim aktør, seier Njål Sævik i meldinga.

Volstad Maritime har fem konstruksjonsskip (OCV) og eit dykkerskip (DSV) med om lag 250 sjøfolk og 20 tilsette på land. Havila Shipping driv 14 fartøy innan subsea, plattformforsyningsskip og områdeberedskap. Åtte av fartøya er heil- eller deleigde. Selskapet har 262 sjøfolk og 14 tilsette på land.

Ser på samordning
No skal selskapa "gå inn i ein prosess, for å sjå nærare på korleis ein i felleskap kan hente ut fordelar og styrkar mellom selskapa", heiter det i pressemeldinga.

- Som eineeigar av Volstad Maritime og majoritetseigar i Havila Shipping kan vi skape ein god miks mellom olje/gass og offshore vind i tillegg til at vi kan bygge breidde og styrke opp mot marknaden og innan drift av rederi, seier Sævik.

Med sidan 2017
Havila Holding blei majoritetseigar i Volstad Maritime i 2017, i samband med ei refinansiering obligasjonlån Volstad Maritime hadde. Havila Holding gjekk inn med 300 millionar kroner.

Tidlegare i år selde Volstad Maritime sine to seismikkfartøy, som har lege i opplag i fleire år.

Då sa administerande direktør Christoffer Syversen at offshorekrisa var eit tilbakelagt stadium for selskapet, som no var klar for ny vekst.

Nyleg kjøpte reiarlaget også ut medeigaren i eitt av konstruksjonskipa skine, Grand Canyon II.

Størst i Havila Shipping
Havila Holding eig 50,961 prosent i børsnoterte Havila Shipping.

Der ventar ei tidlegare avtalt offentleggjort refinansiering - i slutten av 2024. Den inneber mellom anna at långivarar gjer om gjeld til aksjar og Havila Holding gjer om eit aksjonærlån på 100 millionar kroner til aksjar.

Per i dag vil det gi bankane ein eigarandel på 35 prosent og obligasjonslångivarane ein eigarandel på 12 prosent i offshorereiarlaget. Samstundes opprettheld Havila Holding sin eigarandel, ifølgje kvartalsrapporten for 4. kvartal 2023. Dei øvrige eigarane vil sitte att med ein eigarandel på knappe to prosent etter gjeldskonverteringa.

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Ola Volstad sitt selskap, Ola Volstad Holding er sendt Nett No ei kort uttale om salet:

"Ola Volstad Holding AS ønsker å takke alle våre sjøfolk og ansatte for innsatsen som er lagt ned over mange tiår for å bygge et solid selskap med moderne tonnasje og et godt rykte for trygg, god og effektiv drift.

Vi vil samtidig benytte anledningen til å takke alle trofaste kunder som vi har levert tjenester for og ønsker Havila Holding lykke til med å utvikle selskapet videre».

Publisert: 10.04.2024 08:46

Sist oppdatert: 10.04.2024 17:01

Mer om