Havila Jupiter 26398100504
OVER BOKFØRT VERDI: Havila Jupiter er eitt av skipa Havila Shipping har seld, til over bokført verdi.
Nytt

Børsdagen: Skriv opp skipsverdiane

Havila Shipping skriv opp verdien med 465 millionar kroner og signaliserer at det kan bli nye oppskrivingar.

23.11.2023

Dei tre skipa det handlar om er dei tre långivarane tidlegare i haust kravde skulle seljast, slik dei kunne kreve etter den låneavtalen dei hadde med offshorereiarlaget.

Med salssummen som utgangspunkt var det klart at den bokførte verdien var lågare enn skipa vart selde for. Dermed reverserte Havila Shipping tidlegare nedskrivingar, og auka verdien for dei tre skipa med tilsaman 465 millionar kroner. Det slår ut i eit solid resultat før skatt i kvartalsrekneskapet per 3. kvartal, som er offentleggjort i dag.

Les børsmelding her

Kan blir meir
Oppskrivinga viser at verdien av offshorfartøy er aukande, men Havila Shipping gjer ingen oppskriving av verdien av resten av fartøya sine.

Reiarlaget signaliserer likevel at det kan kome nye oppskrivingar:

"Ratenivået på faste kontrakter har økt, men det har hittil ikke vært inngått lange kontrakter på høyere nivå. Dersom den positive utviklingen vedvarer og bekreftes av langsiktige kontrakter er det grunnlag for ytterligere reversering av tidligere nedskrivninger. Med utgangspunkt i markedsutviklingen er inntektsforventningene økt på kort sikt, men selskapet har lagt et mer konservativt syn til grunn på lengre sikt."

Fall på børsen
Før børsmeldinga med kvartalstala kom i ettermiddag blei aksjar i Havila Shipping handla til 6,46 kroner aksjen. Like etter fall kursen til 6,26 kroner. Klokka 16:05 var den oppe i 6,38 kroner, som er 0,31 prosent under kursen ved børsslutt i går. 6,38 var også kursen då børshandelen stengte for dagen. Det er berre mindre aksjepostar som har skifta eigar i dag.

Havila Shipping ASA

Per 3. kvartal. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt757,0

652,6

Driftsresultat772,6201,0
Resultat før skatt141,9-31,2
Havila Shipping ASA
3. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt176,0217,4
Driftsresultat487,963,3
Resultat før skatt28,9-48,6

Positivt Salmon Evolution-analyse
DNB Markets har sett eit kursmål på ni kroner aksjen i ein ferskt ananlyser at det landbaserte oppdrettsselskapet Salmon Evolution. Kursmål er den verdien meklarselskapet meiner Salmon Evolution bør vere verdt og ligg høgt over dagens kurs på 6,40 kroner aksjen. Berre i kortare periodar i 2022 har Salmon Evolution vore verdsett til over ni kroner aksjen, seinast i november i fjor.

Veksten, kvaliteten og god fiskehelse - spesielt samanlikna med tradisjonell oppdrett i sjø - er argumenta DNB Markets legg vekt på i sin analyse.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,83 18,57 %
Eqva 2,99 8,73 %
Havila Kystruten 0,88 3,53 %
Salmon Evolution 6,40 2,40 %
Hav Group 9,18 1,77 %
Endúr 40,50 0,75 %
Arctic Bioscience 9,20 0,00 %
Hexagon Composites 25,80 -0,08 %
Sparebanken Møre 74,40 -0,13 %
Golden Energy Offshore Services 1,27 -0,16 %
Havila Shipping 6,38 -0,31 %
Hofseth Biocare 2,78 -0,71 %
Atlantic Sapphire 1,31 -1,21 %
Norva 24 Group* 23,50 -2,08 %
Hexagon Purus 9,77 -2,20 %
* Kurs i SEK

Publisert: 23.11.2023 16:21

Sist oppdatert: 23.11.2023 17:25